Vekas bilete

Bjønnebua – Mjåland

Bjønnebua. Foto.
Trykk på bilete for å sjå full størrelse. Bjønnebua 13. oktober 2020. Foto: Geir Daasvatn

Bjønnebua på Mjåland er eit prioritert kulturminne i Åseral.

Bua står altså på Mjåland, langs Fylkesveg 455 mellom Sveindal og Kylland. 

At det er eit prioritert kulturminne betyr at det har stor lokal verdi, men ligg utanfor dei prioriterte kulturmiljøa, heiter det i kommunen sin kulturminneplan 2020–2025.

Bua skal vere frå 1700-talet. Ho fortel «…om korleis folk forsøkte å verge seg sjølv og husdyra mot rovdyr», er det forklart i eit Facebook-innlegg skrive av Minne Kultursenter 24. august 2020. I Bjønnebua låg folk då og vakta buskapen mot angrep av bjørn.

Opphaveleg stod bua ein stad på andre sida (nedsida) av vegen.

Det er veldig moro å fotografere dei gamle bygningane rundt om i Setesdal og på indre Agder i det heile. Dei har liksom sin eigen «patina».

Du vil kanskje også sjå

Fleire bilete

Otra – Straume
Vestre Hodne i Hornnes
Linbekk bru – Øvrebø
Furua på Eikjåknodden – Bygland
Rygnestadlåven
Tveitetunet – tilbake til fortidas prakt!
Kveld over den gamle husmannsplassen
Helleren – Åseral
Storstraumen frå ein annan ståstad
Klepp – Evje
Bykil – Botsvatn
Den gamle steinvegen i Flårenden