Vekas bilete

Bjoråna – Evje

Bjoråna. Elv. Foto.
Trykk på bilete for å sjå full størrelse. Bjoråna 8. september 2014. Foto: Geir Daasvatn

Haust ved Bjoråna, oppover mot Rosseland i Evje. Bjoråna renn frå Bjorvatnet oppe ved Åneland og ut i Breiflå på Bjorå.

Eg tok dette biletet ganske tidleg etter at eg tok til med fotgrafering. Framleis synest eg det er eitt av dei finaste eg har fått til.

Endå finare i stort format

Eg fekk laga det opp i stort format, 90 x 60 cm, for nokre år sidan. Då kom det verkeleg til sin rett. Det biletet har eg ikke lenger. Så nå vil eg bestille eit nytt eitt, i endå større format, som eg kan vise fram på utstillingar e.l. om det nokon gong skulle bli aktuelt.

Det er ved å stille inn kameraet med lang lukkartid vatnet får den fløyelsmjuke utsjånaden. Det er ikkje alle som likar det, men eg tykkjer det kan gi ein fin verknad når situasjonen er den rette. Andre gonger prøver eg heller å få fram rørsla i vatnet, som til dømes i denne artikkelen om Rjukanfossen i Tovdal. Kva som er vakkert – eller god (foto)kunst for den saks skuld – er det som kjent omtrent like mange meiningar om som det finst menneske. Det eksakte svaret finst ikkje.

Lang lukkartid

Her har lukkartida vore 5 sekund. For å halde kameraet heilt i ro i 5 sekund, har eg sett kameraet på eit stativ. Om du ikkje har stativ med deg ut i skog og mark, kan du kanskje finne ein flat stein, ein trestubbe eller eit anna stabilt underlag å sette kameraet på. Eg brukar også tidsutløysaren ved sånne høve, for å redusere faren for ristingar i kameraet endå litt meir. Dei meir avanserte brukar nok i staden ein fjernutløysar, slik at dei ikkje er borti kameraet i det heile tatt.

Blendaropning = f/22, den minste som var mogeleg med det objektivet eg brukte då. Blendaropninga styrer kor mykje lys som kjem inn på biletbrikka.

Filter

Veldig mange litt vidarekomne fotografar brukar i tillegg ulike typar filter på objektivet for å få den verknaden dei ønsker i biletet. På den tida eg tok dette biletet var eg nok ein veldig typisk nybegynnar, og hadde ikkje tenkt noko vidare på det med filter. Men med rett filter som passar til situasjonen kan du ofte heve kvaliteten på bilda dine endå eit hakk.

Fleire bilete

Kva grunna dei på? Framtida?
Hovassåna – Skrikarjuvet
Stemmen til Åmdal sag
Otra – Straume
Vestre Hodne i Hornnes
Linbekk bru – Øvrebø
Furua på Eikjåknodden – Bygland
Rygnestadlåven
Bjønnebua – Mjåland
Tveitetunet – tilbake til fortidas prakt!
Kveld over den gamle husmannsplassen
Helleren – Åseral