Vekas bilete

Eikerapen Gjestegard

Eikerapen Gestegard, utvendig. Pyntet med julelys. Foto.
Trykk på bilete for å sjå full størrelse. Eikerapen Gjestegard pynta til jul i 2018. Foto: Geir Daasvatn

Eikerapen Gjestegard opna i Eikerapen i Åseral 10. juni 2017.

Dei første planene, som ikkje blei noko av, skal ha blitt laga i 1987. Men 25 år seinere, i 2012, kom arbeidet endeleg i gang. Sommaren 2017 kunne Gjestegarden opne for dei første gjestane. Ein stor draum var oppfylt for initiativtakaren og eigaren Elling Eikerapen.

Det er veldig idyllisk i Eikerapen om sommaren. Men nå er det vinter. Så eg tykkjer det passar best med eit bilete som høyrer til denne årstida. Eg tok biletet av Gjestegarden ein sein novemberkveld i 2018. Det var «Julehuskongen» i Kjetsåkrysset på Hornnes, Kjell Rune Strømstad, som hadde pynta bygget så fint til jul med masse julelys.

Fleire bilete

Kveld over Evje
Draumenatt over Bygland
Kva grunna dei på? Framtida?
Hovassåna – Skrikarjuvet
Stemmen til Åmdal sag
Otra – Straume
Vestre Hodne i Hornnes
Linbekk bru – Øvrebø
Furua på Eikjåknodden – Bygland
Rygnestadlåven
Bjønnebua – Mjåland
Tveitetunet – tilbake til fortidas prakt!

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.