Vekas bilete

Heimtveiti – Nordbygdi

Det gamle våningshuset i Heimtveiti, Bykle. Foto.
Trykk på bilete for å sjå full størrelse. Heimtveiti 27. desember 2019. Foto: Geir Daasvatn

«Vekas bilete» for veke 4 i 2023 er det vakre våningshuset på gardsbruket Heimtveiti i garden Tveiti i Nordbygdi ved Botsvatn i Bykle.

Heimtveiti var heimen til tidlegare Bykle-ordførar Gunnar Å. Tveiten (f. 1899–d. 1981).

Den eldste delen av huset skal vere frå om lag 1750.

Husa i det opphavelege tunet blei flytta lenger opp i bakken, til Øytveit, som følge av reguleringa av Botsvatn midt på 1970-talet. Svein Tveiten (1935–2013) fekk Aust-Agder fylkes bygningsvernpris i 1999 for arbeidet sitt med å ta vare på dei gamle bygningane.

Heimelshavar til eigedomen i dag er Gunnar Tveiten (f. 1965). Han og familien brukar staden mykje som feriebustad.

Kjelder

Fleire bilete

Otra – Straume
Vestre Hodne i Hornnes
Linbekk bru – Øvrebø
Furua på Eikjåknodden – Bygland
Rygnestadlåven
Bjønnebua – Mjåland
Tveitetunet – tilbake til fortidas prakt!
Kveld over den gamle husmannsplassen
Helleren – Åseral
Storstraumen frå ein annan ståstad
Klepp – Evje
Bykil – Botsvatn