Vekas bilete

Storstraumen frå ein annan ståstad

Storstraumen 110922
Trykk på bilete for å sjå full størrelse. Storstraumen frå undersida av 1915-brua 11. september 2022. Foto: Geir Daasvatn

Storstraumen er eit av dei finaste og best kjende kulturminna i Bygland. Biletet her er frå ein annan vinkel enn dei mest vanlege.

Dei fleste går nok ikkje inn under den vakre steinkvelvbrua frå 1915 for å fotografere. Men eg har vore forbi Storstraumen mange gonger for å kikke etter fine motiv. Då er det litt spennande å sjå om eg kan finne nye vinklar å ta bileta frå.

Eg har vore inn under 1915-brua før for å prøve å få til eit bra bilete. Men det har liksom ikkje blitt heilt slik eg har tenkt eller håpa. Denne gongen – ein septemberdag i 2022 – var eg heldig, med at det var heilt blikk stille på fjorden. Eg synest speglingane i vatnet tilfører biletet litt ekstra liv.

For å få med såpass mykje av brua og landskapet bak har eg brukt eit vidvinkelobjektiv på kameraet. I ettertid har eg lysa opp skuggepartia noko i bildebehandlingsprogrammet på PC-en.

Annonse

Fleire bilete

Otra – Straume
Vestre Hodne i Hornnes
Linbekk bru – Øvrebø
Furua på Eikjåknodden – Bygland
Rygnestadlåven
Bjønnebua – Mjåland
Tveitetunet – tilbake til fortidas prakt!
Kveld over den gamle husmannsplassen
Helleren – Åseral
Klepp – Evje
Bykil – Botsvatn
Den gamle steinvegen i Flårenden