Vekas bilete

Veiågjuvet – Valle

Veiågjuvet sett frå aust mot vest, frå toppen av den 280 m høge Gloppefossen. Foto.
Trykk på bilete for å sjå full størrelse. Veiågjuvet sett frå toppen av Gloppefossen 20. august 2016. Foto: Geir Daasvatn

Veiågjuvet er ei djup fjellkløft, ein canyon, lengst aust i Veiådalen nord-aust i Valle.

Veiådalen går «på tvers» av hovuddalføret Setesdal. Dalen strekk seg frå Otra/Riksveg 9 nord for Lunden ca. to km austover til sjølve gjuvet og Gloppefossen, som skal vere rundt 280 m høg. Gjuvet endar brått i rundt 300 meter høge nesten loddrette fjellsider.

I botnen av gjuvet renn Veiåni. Nord for gjuvet stig Ruafjødd (1069 moh.) bratt opp frå dalbotnen. Det er det mektige fjellet me ser til høgre i biletet.

Det går skogsbilveg, traktorveg og sti langs elva inn til Gloppefossen, som er eit populært turmål. Men eg gjekk inn til toppen av fossen den korte avstanden frå Fylkesveg 450 (sjå kartet), då eg tok dette og mange fleire bilete av det spektakulære landskapet ein augustdag i 2016.

Eg vil skrive meir om Veiågjuvet og Gloppefossen som turmål ein annan stad på sida litt seinare.

Veiågjuvet på Norgeskart.no

Kjelder

Sjå også

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

Fleire bilete

Otra – Straume
Vestre Hodne i Hornnes
Linbekk bru – Øvrebø
Furua på Eikjåknodden – Bygland
Rygnestadlåven
Bjønnebua – Mjåland
Tveitetunet – tilbake til fortidas prakt!
Kveld over den gamle husmannsplassen
Helleren – Åseral
Storstraumen frå ein annan ståstad
Klepp – Evje
Bykil – Botsvatn