Otra – Straume

Otra forbi Straume og den gamle landbruksharven. Foto.

Otra forbi Straume i Hylestad er både mektig og ein liten idyll! Eg synest landskapet er veldig fint forbi Hedde og Straume i Hylestad. Ofte har eg hatt det mektige Straumsfjødd som siktemål når eg har fotografert i det området. Fjellet som stig så stupbratt opp frå dalbotnen er verkeleg eit spennande motiv. Men ein […]

Rygnestadlåven

Låven i Rygnestadtunet i Valle kjem nok ofte litt i skuggen av dei meir berømte bygningane, som Rygnestadloftet, «Trihågloptet» og stogehuset. Men låven er også ein solid trebygning. Han skal vere oppført på 1800-talet, i følge artikkelen på Wikipedia om Rygnestadtunet. Like etter 1900 blei han bygd på i høgda, det kom låvebru og stallen […]

Tveitetunet – tilbake til fortidas prakt!

Tveitetunet 26. desember 2023. Foto.

Ein del av hovudbygningen i friluftsmuseet Tveitetunet i Valle har vore under restaurering sidan 2017. Sommaren 2023 blei den restaurerte delen setta opp igjen.  Målet er å kunne få til ei opning i 2025, seier Setesdal bygningsvern- senter. Eg var og kikka meg rundt i Tveitetunet 2. juledag, 26. desember. Det var verkeleg stas å sjå […]

Den gamle steinvegen i Flårenden

Gammel steinbrygge i vannkanten på Flåstrondi. Foto.

I Flårenden, på austsida av Otra, kan me framleis sjå den gamle steinvegen/brygga frå elva opp til Postvegen. Den første brua over Otra i Flårenden blei bygd i 1866–1868, over Sogejuvet. Før det måtte dei farande ferjast eller bli rodde over Otra. Ferjing Flårenden–Sandnes til rundt 1845 Før Postvegen, den første ordentlege køyrevegen oppover i […]

Flårenden i Valle

Vakker sommardag ved Flårenden i Valle. Foto.

Flårenden er garden som ligg lengst sør i Valle sokn, ved søndre enden av Flåni i Otra. Nabogarden i sør er Uppstad i Hylestad. Mot nord ligg Bø. I dag kryssar Riksveg 9 Otra i Flårenden. Brua er bygd i samband med ei vegomlegging i 2004. Me ser ho litt til venstre i biletet. Ho avløyste ei sprengverksbru av stål, sett […]

Setesdalsbautaen på Hedde

Setesdalsbauta på Helle. Landskapsfoto.

Dette er den store bautasteinen som står rett ved Riksveg 9 på Hedde i Hylestad i Valle. Setesdalsbautaen er sett opp av Setesdal Regionråd. Setesdalslogoen på steinen er teikna av Ove Kjetså. Pynt og form er ved Bjørgulv Bjørgum. Riksveg 9 forbi Hedde blei oppgradert i 2020–2021. Bautaen fekk då nytt fundament, og ei litt endra plassering. Det står òg […]

Veiågjuvet – Valle

Veiågjuvet sett frå aust mot vest, frå toppen av den 280 m høge Gloppefossen. Foto.

Veiågjuvet er ei djup fjellkløft, ein canyon, lengst aust i Veiådalen nord-aust i Valle. Veiådalen går «på tvers» av hovuddalføret Setesdal. Dalen strekk seg frå Otra/Riksveg 9 nord for Lunden ca. to km austover til sjølve gjuvet og Gloppefossen, som skal vere rundt 280 m høg. Gjuvet endar brått i rundt 300 meter høge nesten loddrette fjellsider. I botnen av gjuvet renn Veiåni. Nord for gjuvet […]

Rysstad i blåtimen

Rysstad i "blåtimen". Foto.

Rysstad var eit nydeleg syn, då eg var ein tur oppover dalen 18. desember 2019. Eg køyrde over til Bjørgum på andre sida av Otra, og tok dette biletet av Rysstad «skyline» frå elvekanten på Kåsland. Kåsland er heimen til meisterspelemannen Hallvard T. Bjørgum. Bak Rysstad ligg den svære Rysstadåsen. Eg skal lure på om […]

Verdas største munnharpe

Verdens største munnharpe Valle. Foto.

Det som skal vere verdas største munnharpe står ved skuleområdet i Valle, sør for Valle sentrum og rett ved Riksveg 9. Munnharpa er tusenårsmonumentet i Valle kommune. Meisteren bak monumentet er Bjørgulv Bjørgum. Ei av harpene til folkemusikaren Bjørgulv Straume var modell. Så er ho forstørra opp 50 gonger. Det er brukt 5 mm stålplater. […]

Heddessteinen

Heddessteinen, Helle, Valle. Foto.

Heddessteinen ligg like oppom Riksveg 9 på Helle. Han er ein kjempesvær stein, stor som eit lite hus, og så stor at han har sitt eige namn, akkurat som Goddokksteinen som låg like i nærleiken. Segna fortel at dette var den eine av to steinar som Skjoldmøyane heiv etter Heilag Olav då han var i Setesdal. Ei steinpil i vegkanten litt lenger nord […]