Her, rett ved sida av Riksveg 9, gjekk etter alt å døme gamlevegen frå 1832. Foto: Geir Daasvatn

I fotspora til setesdølane: Berge i Øvrebø

Rett sør for Homstean i Øvrebø i Vennesla, ved avkøyrselen mot Berge, er det framleis spor etter den første kjerrevegen nordover frå Kristiansand.

Vegen her blei bygd i 1832. Det var lenge før Postvegen kom gjennom Setesdal. Men seinast då Postvegen var køyrbar med hest og kjerre først på 1840-talet, blei vegen her byvegen også for setesdølane.

Etter Homstean, på veg sørover, møtte dei vegfarande først Knutskleiva. På toppen av kleiva kom dei gjennom Knutsdalen. Etter ein liten bakktopp gjekk terrenget litt nedover igjen.

I dag er det avkøyrsel frå Riksveg 9 mot Berge (mot vest) her. Om me rotar litt rundt i skogen rett nord for avkøyrselen, finn me framleis nokre mest attgrodde spor etter den gamle køyrevegen.

Stykket held fram under biletet

Spor av oppbygd vegbane i «dumpa» i skogen rett nord for avkøyrselen til Berge. Foto: Geir Daasvatn

Etter dette, sør for krysset med dagens Bergeveg, gjekk vegen i kanten av Knutsmyr. Så steig terrenget igjen. Nå måtte dei vegfarande først streve seg opp Myrbotnkleiva. Då venta endå den berykta Skottedalskleiva, og den litt kortare Buekleiva, før vegen byrja å gå nedover mot Mosby.

Setesdalsvegen forbi Myrbotnkleiva og Knutskleiva, og då mykje truleg stykket ved Berge mellom dei to kleivane òg, blei utvida i 1844–1848. Han var i bruk til 1874. Så forbi her har mange ein setesdøl streva seg med bytromet sitt. Tenk litt på det medan du køyrer lettvint oppover bakken på Riksveg 9 frå Homstean mot Vehus!

Området på Norgeskart.no

Kjelder

  • Torfinn Normann Hageland, Gamle veger i Vest-Agder, utgjeve av Statens vegvesen Vest-Agder, 2000, s. 185
  • Artiklane om Myrbotnkleiva og Knutskleiva på Kulturminnesok.no
  • Eigne observasjonar, dokumentert med foto

Sjå fleire stykke om den gamle setesdalsvegen gjennom Vennesla

Fleire kulturminne

Austad gamle kyrkjegard
Vetterhussaga – Hornnes
Hannås jernbanebru – Hornnes
Systog Trydal-loftet
Haslebakken – Ose
Dalemannsteinen – Fennefoss
Skore i Bygland
Postvegen – Nesetsvingen sør
Bjønnespranget – Åseral
Rygnestad og Flateland kulturlandskap – av nasjonal interesse!
Postvegen – Moi
Fallossteinane på Bygland kyrkjegard

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.