Ved oppstarten av dampbåttrafikken på Byglandsfjorden i 1867, låg brygga i Grendi noko lenger ute i fjorden enn ho gjer i dag.
Denne første Årdal-brygga – som ligg kanskje 50–100 meter rett vest for spissen av Odden – må vel vere bygd i 1867. Ho blei brukt av damprutebåtane Dølen og (frå 1897) Bjoren. Båtane gjekk i rutetrafikk på Byglandsfjorden.
Kart over området – sjå Kyrkjeodden
I 1905 stod den første reguleringsdammen i sørenden av Byglandsfjorden ferdig. Vasstanden i fjorden kunne hevast med inntil to meter (frå kote 200 til kote 202). Truleg kom brygga då heilt eller delvis under vatn.
Stykket held fram under biletet
Det måtte lagast ny brygge. Ho kom på nordsida av Odden, nærare Årdal kyrkje.
I midten av januar 2025 var det veldig låg vasstand i Byglandsfjorden. Då kunne eg gå tørrskodd frå Odden ut til brygga. Eg har ikkje kome på at det kunne vere ei brygge der ute før nå. Brygga er noko utrasa i dag. Men det er tydelege restar etter treverk og tømmerstokkar mellom steinane. Ho må ha vore ei steinfylt tømmerkiste.
Torgeir Moseid si Bjoren-bok
Eg har ikke på sparket funne skriftlege kjelder som direkte omtalar denne første Årdal-brygga. Men Torgeir Moseid på Byglandsfjord har skrive ei fin bok om dampbåttrafikken på fjorden, Frå kveg til cruise. DB Bjoren 150 år (Setesdalsmuseet, 2017). Ønsker du å vite meir om dette spennande kapittelet i samferdslehistoria i Setesdal, er den boka ein ypparleg start!