Gardsbruka Ekron og Dalen på Søndre Austad hadde kvern saman. Det fine kvernhuset står framleis langs Kvernåna.
Korn har me menneske vore heilt avhengige av for å overleve i fleire tusen år. Men for å lage kornet om til mat må det malast til mjøl. Det har skjedd på ulike vis opp gjennom historia. I ein periode, frå 1500-talet eller før til ut på 1900-talet, blei malinga utført på dei små bekkekvernene som mest kvar einaste gard i Setesdal hadde attmed ein bekk eller ei lita elv i nærleiken.
Kvernene på Austad
Reidar Vollen gjer greie for kvernene på Austad i Bygland gard og ætt (bind II, utgjeve av Bygland kommune, 2005, s. 27–28). Alt i 1614 nemner kjeldene ei gamal kvern på Nordre Austad. Me kan kanskje då gå ut frå at det var kvern på Austad frå 1500-talet ein gong?
På 1700-talet var det fem kverner på Austad, fortel Reidar. Nordre Austad hadde to og Søndre Austad tre. Alle kvernene skal ha ligge langsmed Kvernåna.
På byrjinga av 1900-talet var berre to kverner att. Ei av desse hadde Ekron (bnr. 1) og Dalen (bnr. 2) saman. Kvernhuset står ved Kvernåna den dag i dag, like bortanfor den nye kraftverket på Austad.
Eg finn ikkje opplysningar om denne kverna i SEFRAK-registeret. Kor gamal ho er veit eg difor ikkje. Eg veit heller ikkje kor lenge ho var i bruk. Men andre kverner langs åna som er registrert i SEFRAK-registeret var i drift til 1951.
Les også: Kornet – frå åkeren til kverna

Eg har skrive ein del om kvernhusa i Setesdal i boka Hovassåna – krafta i elva (2025). Du kan få kjøpt boka i fleire butikkar i Bygland, på Stoga kulturkafé på Prestneset, bokhandelen Norli Evje eller direkte av meg (mob 909 26 724, E-post geir.daasvatn@gmail.com). Det er eit spennande tema!