Den gamle setesdalsvegen rundt Toptenes 8. mai 2026. På andre sida av fjorden ser me Sandnes. Foto: Geir Daasvatn

Riksveg 400 rundt Toptenes

Svingen på den gamle setesdalsvegen rundt Toptenes var så brå at bakparten på bussen kom utforbi vegmuren når han svinga!

Toptenes stikk ut i Åraksfjorden like sør for Frøysnes i Bygland. Her er spor etter tre generasjonar veg.

Postvegen gjekk rett fram over fjellknausen (ca. 1842 til 1920-talet). Riksveg 400 – den gamle setesdalsvegen – snodde seg forbi neset på utsida (1920-talet til 1978). Til slutt kom dagens Riksveg 9 tvers gjennom fjellet i ei svær skjering (frå 1978). Reidar Tveito har med eit fint bilete av bussen rundt neset i 1975 i den eminente boka si om bruer og særtrekk langs Riksveg 9 (Byglandsfjord, 2014, s. 123). Vegane her er også skrive om i boka Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9 (Bokbyen Forlag, 2018, s. 116).

Under eit innlegg eg skreiv på Setesdalssida på Facebook i 2020 er det mange gøye og interessante kommentarar om trafikken i den kronglute Toptenessvingen!

Her vil eg syne nokre bilete av vegen på utsida av neset slik han ser ut i dag. Kanskje du får lyst til å ta ein tur hit og sjå dette spennande kulturminnet sjølv?

Les også: Toptenes – spennande vegmiljø i Bygland

Galleri: Klikk på bileta for å endre storleik

Fleire kulturminne

Homme skulehus – Valle
Ekra gravfelt – Eikjåknodden
Hornnes jernbanebru
Bjønnespranget – Åseral
Postvegen/Riksveg 400 – Staven
Den gamle byvegen over vestheia i Iveland
Postvegen – Einang
Evjemoen som kulturminne
Futevegen – Syrtveit sør
I fotspora til setesdølane – Skottedalskleiva
Nyestog – Rygnestadtunet
I fotspora til setesdølane – Hallbakken på Mosby

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.