Den enorme vegmuren 30. mai 2026. Foto: Geir Daasvatn

«Tyskarvegen» på Langeid

Den såkalla «Tyskarvegen» på Langeid skulle vere ein del av det påtenkte, indre vegsambandet frå Telemark via Setesdal til Rogaland. Det var norske planar frå tidleg på 1900-talet og framover som okkupasjonsmakta tok opp att under andre verdskrigen.

Den formelle avgjerda om at «Langeidlinja» skulle vere traseen for høgfjellsvegen Rogaland–Setesdal–Telemark blei teken av Arbeidsdepartementet i 1941, er det opplyst i Vest-Agder veghistorie (bind II, 1940–1964, s. 325). Arbeidsdepartementet var på dette tidspunktet kontrollert av okkupasjonsmakta.

Arbeidet

Vegen tok til ved Spekjeflota like sør for gardsvegen til Krokå. Han gjekk først nordover og svinga seg vidare oppover i lia til Simedalen i 10–12 svingar, skriv Reidar Vollen i Bygland gard og ætt (bind I, s. 87). Frå Simedalen gjekk vegen vidare vestover til Stakkedalen. Inn hit var han farbar med traktor. I Vandringer i Setesdal Vesthei (Friluftsforlaget, 2008, s. 90) seiast det at vegen er halden vedlike og noko utbetra, og grei å ha for hyttefolket i området.

Stykket held fram under biletet

Den gamle anleggsvegen oppe i heia, like vest for Simedalsstøylen, 10. juni 2026. Foto: Geir Daasvatn

Arbeidet med vegen starta opp med mykje mannskap i 1941. Det var ein motordriven trallebane nede frå setesdalsvegen opp lia til Simedalen. I boka Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9 er det sagt eindel om korleis arbeidet blei utført. Reidar Vollen fortel også mykje om det i nemnde Bygland gard og ætt. Då krigen tok slutt i 1945 stogga også arbeidet med vegen.

Sjå historiske foto frå vegarbeidet på Langeid

Det var folk frå fjern og nær som bygde vegen, skriv Reidar Vollen. Men det skal ha blitt gjort heller dårleg arbeid. Svingane oppe i lia raste ut etter kvart og ved storflaumen i 1968 gjekk den siste, heiter det.

Les også: Tyskarvegen på Setesdalswiki og Soga om Kvibru på Setesdalswiki

Svære murar står att

"Yttersvingen" på toppen av den svære steinmuren. Me ser nordover i Setesdal. Foto.
«Yttersvingen» på toppen av den svære steinmuren. Me ser nordover i Setesdal. Foto: Geir Daasvatn

Men alle svingane er ikkje borte. Ein gong eg talte med den eminente lokalhistorikaren Reidar Tveito fortalde han om nokre svære murar som skulle vere minne etter vegen. Fleire andre, mellom anna linjeryddaren og min gamle klassekamerat frå ungdomsskulen Stein Uleberg, har også nemnt vegprosjektet for meg.

Ein dag i mai 2026 då eg var ute for å kikke etter kvernspor langs Kvernåna på Langeid kom eg litt oppover i skogen. Då slo det meg at det kanskje ikkje var så langt å gå oppover i lia for å finne desse gamle murane.

Langt – og bratt – var det likevel! Men eg hadde fått eit tips av Svein Kleivane om at eg skulle peile meg inn på den høge masta som stikk opp over skogen. Etter mykje om og men fekk eg masta i sikte og kunne kome inn på rett spor.

Eg blei mest fælen då eg kom fram til antenna og endeleg fekk sjå det enorme byggverket som ligg gøymt der. Her skulle vegen tydelegvis gjere ein om lag 180 gaders sving – ein «hårnålssving». På veg oppover – i retning nordover – er det først bygd ein enorm støttemur ut i det bratte landskapet som vegen skulle ligge på. Når vegen så svinga brått sørover igjen, skulle han gå gjennom ei svær fjellskjering. Her stoggar utsprenginga av skjeringa brått i loddrette fjellveggen. Det er vel truleg så langt arbeidet med svingen kom før det var slutt på krigen våren 1945.

Stykket held fram under biletet

Den høge fjellskjeringa 30. mai 2026. Her møtte vegen bokstavleg talt «veggen». Foto: Geir Daasvatn

I og med at fjellskjeringa aldri blei ferdig – det same gjeld fleire andre liknande svingar i lia – kan vegen ikkje ha vore køyrbar under krigen. Kanskje det var laga i stand ein eller fleire meir primitive «anleggsvegar» i terrenget så arbeidsfolka kunne kome fram til dei ulike arbeidsstadene? Dette og mange fleire spørsmål håpar eg å finne svar på etter kvart.

Fleire spor i lia

Det er liknande spor etter andre svingar andre stader i lia. Eg var utsliten då eg fann dette minnet om den monumentale tyske stormannsgalskapen. Eg måtte difor gje opp å finne fleire svingar akkurat denne kvelden. Seinare har eg vore tilbake og funne iallfall to slike svære svingar til, med både fjellskjering og stor støttemur ut mot dalsida. Om du går inn på Norgeskart.no og skrollar deg langt inn på Langeidslia på kartet, kan du ut frå høgdekotene sjå kor alle desse tre svingane er. Eg har også markert dei på Kulturminnesok.no. Ta deg ein spasertur sjølv og sjå desse underlege, svære vegminna!

Det bratte vegstykket opp lia på Langeid var berre eitt ledd i den påtenkte gjennomgangsvegen. På Sirdalsida blei det sett i gang arbeid frå Tjørhom. Der heldt arbeidet fram etter krigen og blei ferdig inn til Dunsen i 1954 (Vest-Agder veghistorie, bind II, 1940–1964, s. 319 flg. Eg håpar at eg ein eller annan gong seinare kan få til ei meir utfyllande soge om heile arbeidet. Her lyt det vere med den gigantiske hårnålssvingen i Langeidslia.

Det er svære steinblokker og veldige dimensjonar på muren. Eit spørsmål for seg er kven som hogde til steinen? Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Futevegen – Syrtveit sør
Kongshaugen – Evje
Riksveg 400 – Odden, Lauvdal
Sandnes kyrkje – Åraksbø
Listeinsfjellet på Evjemoen
Gamle Fånekleiva – Bygland
Husmannsplassen Hagen
Skomedal skulehus – Bygland
Postvegen – Heimåtsvingen
Koparverksdammen – Hovatn
Systog Trydal-loftet
Postvegen – Skorpetveit

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.