Den gamle vegen sett frå skogsbilvegen på sørsida av Kvinnåne 28. august 2026. Foto: Geir Daasvatn

Dalevegen – Kvinnåne, Rysstad

Den gamle ridevegen, Dalevegen, gjekk truleg langs sørsida av Fjellskarevja, over Kvinnåne og vidare på Breieveg ut til dagens Riksveg 9 ved Sølvgarden.

Frå 1700-talet byrja ferdsla i Setesdal for alvor å gå meir langsetter dalen, mot Kristiansand. Det var lastehandelen som i fyrste rekke gjorde at setesdølane etter kvart blei mest bundne til den byen.

På den tida var det smått stell med køyreveg, er det sagt i Valle kultursoge (bind VIII, s. 290). Dei brukte føtene når dei ferdast langs vegane, kløvhest eller hest med slede om det var mogeleg. Slede blei brukt også på bar mark, men på vinterføre kunne ein få med eit større lass.

Til vanleg var setesdølane til byen i naudsynt ærend to gonger om året, etter haustonna og i mars månad. Heim var det mykje korn dei hadde med seg.

Då for dei langs småvegar og omvegar, brukte robåtar på fjordane og ferjer når dei måtte over elva, og kom seg til byen og heim igjen på det viset.

Det var ikkje berre ein veg som blei brukt, det fanst fleire alternative «dalevegar». Ein mykje brukt daleveg var Fjellmannsvegen på vestsida av Otra. Ein annan veg, som setesdølane også brukte, gjekk gjennom Evje og Iveland på austsida av elva.

Dalevegen på Rysstad

Dalevegen kom oppover frå Helle og nærma seg Fjellskarevja etter om lag same traseen som Riksveg 9 har i dag. Der svinga han til venstre og følgde sørsida av evja eit stykke vestover.

Den gamle ridevegen ved Mjunemyri 28. august 2026. Her nord i traseen er han meir blitt til ein traktorveg. T.h. Breieveg. Foto: Geir Daasvatn

«— nokre vegstubbar som er synlege frå den skogsbilvegen kraftverket bygde på sørsida av Fjellskaråne sist på 1960-talet, gjer det sannsynleg at Dalevegen gjekk der», heiter det i praktboka Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9 (Bokbyen Forlag, 2018, 2. 143–144).

På den nemnte skogsbilvegen er det bru over Kvinnåne. Men der Dalevegen truleg gjekk over elva, noko aust for skogsbilvegen, er det grunt vatn. Når det var lite vatn i elva kunne ein difor vasse over.

Dalevegen, som altså var ein rideveg, var i bruk på denne strekninga til rundt 1842. Då kom endeleg køyrevegen, Postvegen, med bru over Fjellskarevja nesten ut mot Otra, på austsida av dagens Riksveg 9.

I «Postvegboka» er det kart som syner kor forfattarane meiner traseen gjekk (kart nr. 19 og 20 bak i boka).

Det aktuelle området på Norgeskart.no (ridevegen følger raud, stipla line sørover frå Mjunemyri)

Den gamle ridevegen like sør for Kvinnåne 28. august 2026. Me ser at dei som kom langs vegen lett kunne kome over elva når det var lite vatn. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Årdal kyrkje
I fotspora til setesdølane – Hallbakken på Mosby
Flatelandsmoen – Gjøvdal
I fotspora til setesdølane: Moldkleiv på Mosby
Nørstevoddburet – Bygland
Husmannsplassen Hagen
I fotspora til setesdølane – Eljannskleivan på Hægeland
Dalevegen – Hågås på Bjørnarå
Byglandsfjord dam – flotingsmur
Hovden kraftstasjon
Mølletrappa ved Fennefossen
Postvegen – Ærekilen, Hodne

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.