Bakken 10. november 2026. I framgrunnen ser me tuftene etter stoga (t.v.) og uthuset. Foto: Geir Daasvatn

Husmannsplassen Øvre Bakken i Valle

I Bakken under Gylii heilt nord i Valle låg husmannsplassen Øvre Bakken.

Bakken var husmannsplass under bnr. 6 i Lunden. Alfred Ryningen fortel i gards- og ættesoga for Valle (bind VI, s. 451) at det var to verestader her, Øvre og Nedre Bakken.

I Øvre Bakken er berre ein huslyd kjend. Dei er registrerte i folketellinga i 1875. Husmannen var Knut Torleifsson Homme (f. 1829, til Amerika i 1883). Kona hans heitte Margit Tarjeisdotter Bratteland (f. 1825, d. 1882). Ho kom frå Bykle.

Knut og Margit fekk iallfall åtte born. Tre døydde tidleg. Tre blei etter det som står i gards- og ættesoga med Knut til Amerika i 1883, etter at Margit var død. Ein son, Torleiv Knutsson Bakken (f. 1855), gifta seg i 1880 med Ingebjørg Eivindsdotter Jore (f. 1858). Dei budde seinare ei tid (ca. 1913–1919) på Odden på Røysland. Ein annan son, Daniel (f. ca. 1864) var i live ved folketellinga i 1875, men lagnaden elles er ukjend.

Det var ikkje så store plassen. Ved den nemnte folketellinga i 1875 var det to kyr og sju sauer her. Det blei sådd mindre enn ei tønne med bygg og setta 4 1/2 tønne med jordeple. Opplysningane elles er sparsomme. Men ut frå det lille som er sagt trur eg familien hadde eit strevsamt liv. Kanskje gjekk det betre i Amerika? Eg kryssar fingrane for det.

Nøyaktig når huslyden heldt til i Bakken er usikkert, sett bort frå ved folketellinga i 1875. Alfred Ryningen skriv at dei budde mange andre stader enn her. Homme, Flateland og Gjerden i Bykle er stader dei var. I 1865 var dei i Stavanger. I 1882 hadde sonen Tarjei og kona Turid dottera Margit til dåp frå Bakken. At dei var her minst frå 1875 til familien for til Amerika 1883 tykkjest difor temmeleg sikkert.

Stykket held fram under biletet

Stogetufta i Øvre Bakken 10. november 2026. Foto
Stogetufta 10. november 2026. Foto: Geir Daasvatn.

Tuftene syner

Bakken ber namnet med rette. Jorda er bratte. Heilt oppe i toppen av dei ligg tuftene att etter både eit uthus og ei stoge. Det er ikkje direkte sagt i gards- og ættesoga korleis dei to husmannsplassane låg i høve til kvarandre. Men eg tek sikkert ikkje mykje feil når eg trur dei to tuftene på toppen er etter Øvre Bakken.

Ei svær rydningsrøys

Det er mange spor etter dei to husmannsplassane rundt om i landskapet. Om lag midt i jorda ligg det ei veldig svær og lang rydningsrøys. Ho deler liksom Bakken i to. Kan dette vere det gamle skillet mellom dei to plassane?

Rideveg og Setesdalsveg

Før det kom ordentleg køyreveg (for hest og vogn) mellom Valle og Bykle var det rideveg. Han må ha gått opp jorda i Bakken og vidare opp Gylii høgt over der Riksveg 9 går i dag.

Rundt 1873 var arbeidet med å bygge køyreveg mellom Valle og Bykle kome forbi Bakken. Frå ca. 1873 til 1930 gjekk såleis Setesdalsvegen forbi her. Det er like på innsida (austsida) av Riksveg 9. Den gamle vegen er i god stand og lett å sjå nedst i terrenget. Berre eit steingjerde skil vegen og den tidlegare husmannsplassen.

Bakken i 2026

I 1938 blei Bakken delt frå bnr. 6 i Lunden og Olav Torsson Lunden fekk skøyte på eigedomen same året. Son til Olav, Torjus Lunden på Bjørnarå i Bykle, har eigedomen i dag. Dei gamle jorda er ikkje grodd til og det står ei løe på staden.

Uthustufta i Øvre Bakken 10. november 2026. Foto: Geir Daasvatn
Uthustufta 10. november 2026. Foto: Geir Daasvatn

Kjelder

  • Alfred Ryningen, Valle kommune VI Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, s. 451–452
  • Artikkelen om Setesdalsvegen forbi Bakken på Kulturminnesok.no

Fleire kulturminne

I fotspora til setesdølane: Almkleiv i Øvrebø
Heddisloptet
Postvegen – Flåstrondi
I fotspora til setesdølane – Eljannskleivan på Hægeland
Vetterhussaga – Hornnes
Postvegen – Bygland
Byglandsfjord gamle dam
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Nordstemmen – Bygland
Lunnenburet – Hornnes
Gamlestog – Rygnestadtunet
I fotspora til setesdølane – Reiersdalskleiva i Øvrebø

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.