Mykje truleg ei kverntuft ved Trydalsbekken. Foto: Geir Daasvatn
Trydal

–

Bykle

Kverntufta øvst i Trydalsbekken

To fine kvernhus står att i Trydalsbekken i Bykle. Men her er spor etter fleire kverner!

Like nedanfor krysset Riksveg 9/Trydalsvegen (den gamle setesdalsvegen) står eit fint kvernhus. Like ved er det også spor etter ei anna kvern. Her står nokre hornsteinar att og eit gamalt bilete underbygger at det mykje truleg har stått ei kvern oppå desse hornsteinane.

Les også: Dei to kvernhusa i Trydalsbekken

Stykket held fram under biletet

Kvernhus i Trydal ca. 1894. Eg trur kverna til venstre er kverna som står på staden i dag. Det er isåfall kverna til Stigamo/Nordstog/Der inne. Kverna til høgre kan då vere den som har stått i kverntufta eg skriv om her. Men eg tør ikkje vere skråsikker. Landskapet har endra seg enormt på desse meir enn 100 åra. Heilt ute i høgre biletkant ser me den fyrste køyrevegen mellom Valle og Bykle som var ferdig til Bykle kyrkje i 1879. Foto: Knud Knudsen/Universitetsbiblioteket i Bergen

Det er restar av stem og vassrenne på oppsida av kvernstaden. Kanskje har dei to kvernhusa hatt ei felles renne som delte seg det siste stykket fram til kvart kvernhus?

Slik eg har vore inne på tidlegare er det ikkje noko forskningsarbeid eg driv med. Eg berre ser meg litt rundt og prøver å ta nokre bilete når det er noko spennande å sjå. Kverntufta her finn eg ikkje i SEFRAK-registeret. Kven som eigde kvernhuset veit eg difor ikkje. Kor lenge det stod på staden veit eg rimelegvis heller ikkje. Men kanskje nokon av dykk som bur i Trydal har eit godt svar!

Les også: Kornet frå åkeren til kverna

Kverntufta i Trydalsbekken. Foto.
Det eg trur er kverntufta i Trydalsbekken. Foto: Geir Daasvatn

Eg har skrive ein del om kvernhusa i Setesdal i boka Hovassåna – krafta i elva (2025). Du kan få kjøpt boka i fleire butikkar i Bygland, på Stoga kulturkafé på Prestneset, bokhandelen Norli Evje eller direkte av meg (mob 909 26 724, E-post geir.daasvatn@gmail.com). Det er eit spennande tema!

Fleire kvernminne

Kverntufta på Stigemo
Nistog-kverna på Rygnestad
Kvernene på Sordal
Kvernhuset ved Kvernåna på Austad
Den fine Breilandkverna langs vegen på Austad
Kvernebekken Gryte i Valle
Kvernminna i Setesdal – eit lite føreord
Kvernhuset på Iveland og Vegusdal bygdemuseum
Kornet
Kvernspor på Birkeland
Kvernminne – litteratur og kjelder
Kvernspor langs Hånsbekkjen i Åseral

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.