Loftet på Nomeland Der oppe 27. oktober 2017. Foto: Geir Daasvatn

Loftet på Nomeland Der oppe

Loftet er eit eldgamalt «lopt» på gardsbruket Der oppe (bnr. 5) på Nomeland i Hylestad i Valle. Det ligg rett ved Riksveg 9, på vestsida av vegen, og er lett å sjå når du er forbi der.

Ut frå lafteteknikken som er brukt i underhøgda (findalslaft), kan ein med stor grad av sikkerheit seie at loftet, i det minste underhøgda, er bygt før Svartedauden (før år 1350). Professor Arne Berg held fram at alderen på overhøgda er meir usikker. Men han trur at også den delen er frå før Svartedauden. Loftet er såleis eitt av dei eldste bygga i Setesdal i dag.

Eit trekk ved loftet er at det er ulike novhogg i dei to høgdene. Dette er ikkje så uvanleg. Men det er meir sjeldan at skilnaden er så stor som i dette loftet.

Loftet er automatisk freda etter Kulturminnelova.

Kjelder

Meir om Setesdal

Fleire kulturminne

Homme skulehus – Valle
Blodsteinen – Åseral
Hoslemo gamle bru
Riksveg 400 – Syrtveit sør
Rindane på Abusland
Postvegen – Optestøyl
Postvegen/Riksveg 400 – Staven
Moi jernbanebru – Hornnes
Tårnet – Longerak
Likkvila ved Stemmen – Jordalsvatn
Kjetsåbrua – Hornnes
Storstoga – Ose

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.