Vetterhussaga 21. april 2020. Foto: Geir Daasvatn

Vetterhussaga – Hornnes

Vetterhussaga er ei vassdriven sag i Vetterhusbekken, langs Juvvannsvegen på heia sør for Espetveit, i Hornnes.

Saga ligg på garden Tønnesland sin grunn (gnr. 26 bnr. 5), og er i dag eigd av Torgny Monan. Ho er ikkje i dagleg bruk lenger.

Salve T. Tønnesland (f. 1891, d. 1954) bygde saga på 1920-talet. Steinar Tønnesland har restaurert ho i nyare tid. Ho er spesiell med det at vasshjulet ligg horisontalt.

Korleis kjem du dit

Ta Abusdalsvegen vestover frå Riksveg 9 ved Hannåsmoen. Du køyrer eller syklar oppover bakkane forbi Tønnesland, Haugland, Sutestad og Espetveit. Ved Krossmyrane står det skilt der Juvvannsvegen tek til. I krysset der er det også plass til å parkere ein bil.

Så er det bare å legge i veg innover vegen. Du skal halde til venstre ved det første «vegkrysset». Tek du til høgre, kjem du om kort tid til Juvvatnet. Der er det også veldig fint, men du er altså i tilfelle litt på villspor.

Saka held fram under biletet

Saga. Foto: Geir Daasvatn

Turforslag

Du kan ta ein fin sykkeltur på Juvvannsvegen til idylliske Skranevatn. Langs vegen ligg denne Vetterhussaga som det er fortalt om ovanfor. Om du heller vil gå, er ikkje turen lenger enn at det er minst like gøy! Les heile turforslaget på OpplevEvje.no.

Kjelder

Rett i nærleiken

Fleire kulturminne

Dalevegen – Kvinnåne, Rysstad
Kjetsåbrua – Hornnes
Galtelandskanalen, eit minne frå krigen
Nomeland – flotingsmur
Riksveg 400 – Kvernhusmyra sør for Ærekilen
Straumen – husmannsplassen til ferjemannen
Postvegen – Bakken
Tverrå gamle bru – Bykle
Byvegen i Åseral – Krokstean
Ekron – Nordre Haugetveit
Heddisloptet
Postvegen – Heimåtsvingen

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.