Likkvila som skal vere etter Jørund Kvåle. Foto: Geir Daasvatn

Likkvila ved Stemmen – Jordalsvatn

Likkvila ved Stemmen ligg rett sør for den gamle stemmen for Jordalsvatn aust for Jordalsbø i Bygland.

Etter segna skal det vere likkvila til Jørund Gunnarson Kvåle. Jørund døydde under ein tur til Tovdal, truleg i 1670-åra. Likkvila ligg langs den gamle ridevegen Jordalsbø – Øy – Tovdal. Dei skal ha lagt henne den stunda dei kvilte då dei bar Jørund heim til Bygland.

Likkvila er lita, bare 1,5 meter lang og 10-20 cm brei. I tillegg kom hovudet, som låg på hovudsteinen. Det skal ha gått gjetord om at Jørund var uvanleg liten av vekst.

Om segna talar sant, og likkvila ved Stemmen verkeleg er etter Jørund Kvåle, veit ein ikkje sikkert.

Jordalsvatn med Stemmen på Norgeskart.no

Kjelder

I nærleiken

Fleire kulturminne

Postvegen – Nesmoen
Nesodden gravrøys
Valle kyrkje
Mjølkerampa på Torsland
Einerkilen urangruve i Evje
Flåt nikkelgruve
Austad kyrkje
Bjønnespranget – Åseral
Apledokk – husmannsplassen til Dalskjempa
Langerak kraftverk – røyrgata
Heddisloptet
Hornnes jernbanebru

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.