Reiårsfossen gamle bru 25. august 2019. Foto: Geir Daasvatn

Reiårsfossen gamle bru – eit vakkert vegminne

Reiårsfossen gamle bru er ei steinkvelvbru over Reiårsåna på Ose i Bygland, rett nedanfor den meir berømte Reiårsfossen.

Stykket er tidlegare publisert på OpplevEvje.no.

Veldig mange kastar nok eit blikk opp mot fossen når dei fer forbi på Riksveg 9. Truleg enser langt færre den fine steinkvelvbrua på andre sida av vegen.

Byggeåret er noko uvisst. På Kulturminnesok.no er det sagt at ho er bygd i 1921. Brua ligg rett attmed ei nyare platebru på Riksveg 9, og var i bruk på den gamle riksvegen fram til den nye brua kom i 1962. Før desse to bruene må det også ha vore bygd ei bru tidleg på 1840-talet, då Postvegen blei bygd framom Ose og vidare nordover i Setesdal. Det var nok då ei trebru.

Om du vil sjå nærare på brua, kan du parkere på rasteplassen rett nord for Reiårsfossen og gå dei få meterane til brua.

Stykket held fram under biletet

Den gamle brua over Reiårsåna med den mektige Reiårsfossen bak. Foto.
Den gamle brua med den mektige Reiårsfossen bak. Foto: Geir Daasvatn

Kart over området

Kjelder

Meir om Setesdal

Du vil kanskje også sjå

Fleire kulturminne

Vetterhussaga – Hornnes
I fotspora til setesdølane – Trebukleiva til Nilsedalane i Kristiansand
Gjetarhytta på Bjåen
Austad kyrkje
Verksmuren – Setesdalens Koparverk
Hannås jernbanebru – Hornnes
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Volefossen – flotingsmurar
Koparverksdammen – Hovatn
Postvegen – Heimåtsvingen
Hornnes jernbanebru
Moi jernbanebru – Hornnes

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.