Hovden jernvinnemuseum 20. juni 2024. Foto: Geir Daasvatn

Hovden jernvinnemuseum – ei stor oppleving!

I Hovden jernvinnemuseum får du på ein svært livaktig måte oppleve korleis vikingane laga jern.

Museet er ei avdeling/utstilling under Setesdalsmuseet. Det ligg i det idylliske Hegni friluftsområde ved Hartevatn, rett sør for Hovden sentrum.

Fjellgardane øvst i Setesdal har vore gjennom omfattande utbyggingar i dei fire tiåra etter at Hovden etablerte seg som eit gigantisk vintersportsområde sist i 1960-åra. Omfattande arkeologiske utgravingar og registreringar har vore nødvendig. Desse har synt at Fjellgardane i perioden 800–1300 var eit sentralt område for utvinning av jern av myrmalm.

Særeigen atmosfære

Hovden jernvinnemuseum 20. juni 2024. Foto: Geir Daasvatn

Du kan ikkje sjå meg, for eg har vore død i snart 1000 år.

Forteljarstemma i museet

På slutten av 1980-talet vart det sett i gong eit prosjekt med å bygge hus over eit utgrave jernvinneanlegg. Museet har fått ein heilt særeigen atmosfære, der kunnskapen om jernvinna blir formidla gjennom illustrasjonar på veggane, ljos-, lyd- og lukteffektar. Ein forteljarstemme leiar deg trygt gjennom museet, medan han steg for steg fortel korleis utvinninga av jernmalmen gjekk føre seg. Det er ei svært interessant historie!

Jernvinnemuseet er sjølvbetjent. Spør om nøkkelkode på Turistkontoret på Hovdetun i Hovden sentrum (telefon 482 27 235).

Kjelder

Meir om jernvinnemuseet

Du vil kanskje også lese

Fleire attraksjonar

SetesdalBox Sauna – Honnevje
Bratt Friluftsliv – Valle
Jarebu – Bykle
Åknes – Lognavatn
Rakkenes – Byglandsfjorden
Daleviki badeplass – Byglandsfjorden
Sines badestrand – Byglandsfjorden
Brokkestøylen glaskafé og glamping
Galleri Systog Dale
Neset Camping
Støylen Camping – Ose
Bykle Hotell