Kulturpatrulja

Kulturpatrulja er etablert for å bringe ekte setesdalskultur med stev, spel og dans frå unge lokale musikarar med glimt i auga ut til folket i sommarsesongen.

Tiltaket vart starta etter initiativ frå Visit Setesdal og med økonomisk støtte frå Setesdalsmuseet. Folkemusikkutøvarar turnerer i dalen frå ultimo juni til primo august. Det er organisert som ein sommarjobb for dei, og er samtidig opplæring av unge til å formidle sin eigen tradisjon som no er på UNESCOS liste over immateriell kulturarv.

Arbeidsgjevaren og organisatoren er Setesdalsmuseet.

Konsertane varer rundt ein halv time. Dei er opne for alle, og gratis for tilhøyrarane. Dei er eineståande høve til å få eit lynglimt inn i setesdalstradisjonen!

Program 2023 (kjem)

Sjå også

Meir om Setesdal

Kulturpatrulja, Ose Matmarknad, 2022. Foto.
Kulturpatrulja på Ose Matmarknad 9. juli 2022. Denne gong Stina Wästvind Brandin, Ingrid Uppstad og Sofia Berg. Foto: Geir Daasvatn

Fleire attraksjonar

Juvassdammen – Åseral
Sines badestrand – Byglandsfjorden
Langevatn – Åseral
Daleviki badeplass – Byglandsfjorden
Ljosland fjellhage – unik botanisk oppleving i Åseral!
Neset Camping
Sylvartun
Bygland museum
Furuly friluftspark – Evje
Minne kultursenter – Åseral
Bossvassdammen
Rakkenes – Byglandsfjorden

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.