Setesdalsmuseet sitt hovudkvarter på Bjugsbakk på Rysstad. Foto: Geir Daasvatn

Setesdalsmuseet – Rysstad

Setesdalsmuseet sitt hovudkvarter er på Rysstad, i museumsbygget som dronning Sonja opna i 1993. Museet er ei avdeling av Aust-Agder museum og arkiv IKS.

Setesdalsmuseet er «landets lengste museum», og har faste utstillingar i BykleValleByglandEvje og Hornnes og Iveland. Dagleg leiar er Hind Helene Harira. Ho tok over etter Leonhard Jansen frå hausten 2023. Leonhard hadde igjen overteke stillinga etter Anna Stella Karlsdottir i august 2019. Museet har rundt ti tilsette.

  • Utstillingane på Rysstad er opne kvar dag i sommarsesongen, i 2026 frå 23. juni til og med 9. august, kl. 10–16.
  • 10. august–30. september: Ope ved eigne arrangement og måndag–fredag 10-15.

På Rysstad

Hovudkvarteret på Rysstad 14. november 2024. Foto: Geir Daasvatn

I museumsbygget på Rysstad finn du eit variert tilbod av utstillingar. Nokre er det museet kallar faste utstillingar og vert ståande over fleire år. I den nye utstillinga «Løyni. Gøymestad i Setesdal» kan du få ei reise inn i samspelet mellom den materielle og den immaterielle kulturarven i Setesdal.

Eit anna døme er dei fabelaktige teikningane til Olav Bjørgum, ei utstilling som opna i 2024.

Andre utstillingar står kortare tid, kanskje bare ein sommar.

Museet har særleg kompetanse på bygningsvern, drakt og gamle foto. I tillegg kjem sjølvsagt alt det som har med gamle gjenstandar og historie frå dalen å gjere.

Heimesida til Setesdalsmuseet

Oversikt over dei 13 avdelingane til Setesdalsmuseet frå Hovden til Iveland

Kjelder

Meir om Setesdal

Fleire attraksjonar

Neset Camping
Ose Turistheim
Hornnes hjelpefengsel
Evje og Hornnes museum – Fennefoss
Høgås skianlegg – Evje
Marhyl – Hylestad
Dammane ved Skjerkevatn
Evje Aktivitetspark – masse muligheter for gøye aktiviteter!
Bratt Friluftsliv – Valle
Brokke-Suleskarvegen
Evje Mineralsti
Kvennevassdammen – Ljosland

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.