Av Geir Daasvatn

© 2022-2025

Av Geir Daasvatn

© 2022-2025

Haugenloftet – ein unik kulturskatt

Haugenloftet-Haugeburet, Åraksbø. Foto.

Haugenloftet, eller Haugeburet som det vel kallast lokalt i Bygland, vart bygd i 1217/1218, på garden Nordre Haugen (gnr. 30 bnr. 4) i Åraksbø i Bygland. Loftet er den eldste ståande bygningen i Aust-Agder. Med unntak for kyrkjebygg, skal loftet vere den nest-eldste trebygningen i Noreg, etter Vindlausloftet i Tokke i Telemark. Tømmeret i bygningen må ha byrja å vekse i vikingtida, rundt […]

Landeeika gjennom nok eit år!

Om bare to dagar kan Landeeika feire endå eit årsskifte. Nøyaktig kor mange det har vore, veit vel ingen. Men kanskje 600, 800 eller 1000?! Eg kom forbi Grendi i dag. Eg blei litt uroa, for Landeeika såg endå litt skakkare ut enn sist eg såg henne. Truleg var det bare synet – eller husken […]

Gravrøysa på Kyrkjedekkan

På Kyrkjedekkan, heilt nord på Langeid i Bygland, ligg ei drusteleg gravrøys frå jernalderen. Gravrøysa ligg om lag 100 m frå Riksveg 9, tvers ovafor Hækni rasteplass. Ho er ei rundrøys bygd av små og store rundkamp, rundt åtte meter i diameter og ca 75 cm høg. Midtpartiet er utkasta, slik at det er eit […]

Reiårsfossen gamle bru – eit vakkert vegminne

Reiårsfossen gamle bru er ei steinkvelvbru over Reiårsåna på Ose i Bygland, rett nedanfor den meir berømte Reiårsfossen. Stykket er tidlegare publisert på OpplevEvje.no. Veldig mange kastar nok eit blikk opp mot fossen når dei fer forbi på Riksveg 9. Truleg enser langt færre den fine steinkvelvbrua på andre sida av vegen. Byggeåret er noko uvisst. På Kulturminnesok.no er det sagt […]

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.