Fjellgardane kyrkje 12. mai 2018. Foto: Geir Daasvatn

Fjellgardane kyrkje

Fjellgardane kyrkje, tidlegare kalla Hovden kapell, er ei langkyrkje bygd i tre i 1957. Kyrkja ligg sentralt på Hovden i Bykle.

Arkitekt var Torjus BjåenElse Marie Jakobsen har laga eit antependium på 70 x 200 cm til kyrkja med tittel «Skal dei verta som den kvite ull».

Hovden kapell blei vigsla av biskop i Agder bispedøme, Johannes Smidt, den fine haustdagen 22. september 1957. Kostnadene med å føre opp kyrkja var fram til sommaren 1958 på vel 58.000 kr. Gratis tømmer, tallause dugnadstimar og gåver gjer at dei reelle kostnadane nok var mykje høgare.

Frå 2002 er namnet endra til Fjellgardane kyrkje.

Hovden.com heiter det om kyrkja:

– Det har skjedd ei lang rekke utbetringar og andre inngrep og endringar i løpet av dei på lag 60 åra som har gått sidan den offisielle vigslinga i 1957. Her er det ikkje plass til å fortelje om alt saman. Men, og det er vesentleg, desse utbetringane har, i all hovudsak, blitt finansiert av det offentlege – stort sett Bykle kommune. Som ein relativt stor turistdestinasjon er det klårt at behovet for eit kyrkjehus er stort. 

Det blei laga eit innhaldsrikt hefte til 50-årsjubileet i 2007: Frå Hovden kapell til Fjellgardane kyrkje : 1957 – 50 år – 2007 : jubileumsskrift. Eg har ikkje lese det endå. Men eg gledar meg til å studere historia litt nærare. Då kan eg også utvide stykket her med noko meir om historia bak kapellet/kyrkja.

Kjelder

Sjå også

Fleire kulturminne

Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean
Futevegen – Kalveskinnsupsa
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle