Geiskelihytta 31. august 2024. Foto: Geir Daasvatn

Geiskelihytta – Bykle

Ho er ei skogshytte som blei sett opp først på 1890-talet, til bruk i den store skogsdrifta til skogspekulantane Foss & Bjerke i Berdalsskogen i Bykle rundt århundreskiftet.

Hytta stod då ved Berdalsbru.

Seinare kjøpte Vegvesenet hytta og flytta ho til Geiskeli der ho står i dag. Det er like nord for Nylund, bare rundt 300 meter innover langs Geiskelivegen frå Riksveg 9. Ho blei då brukt av vegarbeidarane som arbeidde på køyrevegen oppover mot Hovden. Denne første ordentlege setesdalsvegen gjekk rett foran (på vestsida av) hytta frå ca. 1926 til 1968. Før 1926 kom den planerte ridevegen mot Hovden forbi på austsida.

Helleik S. Glidbjørg (f. 1876, d. 1974) flytta frå garden sin på Geiskeli ned til hytta ved riksvegen då sonen Salmund Gjeiskelid tok over gardsdrifta. Det var i 1958, i følge opplysningar i Heimar og folk i Bykle.

Kjelder

I nærleiken

Geiskelihytta 31. august 2024. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Bøgruva – Valle
Gravrøysa på Kyrkjedekkan
Dalemannsteinen – Fennefoss
Den gamle byvegen over vestheia i Iveland
Telefonlinja Hovden–Bjåen
Postvegen – Ose nord
Setesdalsbanen – Dammen, Vassend
Blodsteinen – Åseral
Årdal kyrkje
Det første kraftverket på Hovden
Hylestad kyrkje
Sandnes skulehus

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.