På Kyrkjedekkan, heilt nord på Langeid i Bygland, ligg ei drusteleg gravrøys frå jernalderen.
Gravrøysa ligg om lag 100 m frå Riksveg 9, tvers ovafor Hækni rasteplass. Ho er ei rundrøys bygd av små og store rundkamp, rundt åtte meter i diameter og ca 75 cm høg. Midtpartiet er utkasta, slik at det er eit svært hol i midten.
Olav B. Langeid opplyste under registreringa at området rundt røysa tidlegare var dyrka mark. Han meinte det fantest åkerreiner som synte dette. Det er også tradisjon for at det skal ha stått ei kyrkje på staden.
Området er i dag ganske gjengrodd. Men går du det vesle stykket over hogstfeltet på andre sida av riksvegen for rasteplassen, finn du snart den imponerande røysa inne mellom trea. Klikkar du på lenka under til Kulturminnesok.no, ser du plasseringa på kartet.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind I, utgjeve av Bygland kommune, 2002, side 85
- Omtalen av gravrøysa på Kulturminnesok.no
- Leonhard Jansen m.fl., Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, side 125