Gardsbruket Haugan med det staselege loftet framst. Foto: Geir Daasvatn

Hauganloftet

Hauganloftet står på gardsbruket Haugan (gnr. 70 bnr. 6) på Hedde i Hylestad.

Haugan ligg lengst sør på Hedde, rett på oversida (vestsida) av Riksveg 9. Eigar er Egil Åmlid.

På gardsbruket står eit gamalt loft. Om det har eit offisielt namn veit eg ikkje. Så eg kallar det bare «Hauganloftet» etter bruket det høyrer til.

– Det er eitt av dei venaste og best bygde i dalen, skriv Alfred Ryningen i gards- og ættesoga for Hylestad

Loftet skal vere reist av den medgjetne tømmermannen Knut Torjusson Helle (f. ca. 1696–d. 1766). Det blei freda av Riksantikvaren i 1941.

 Den eldste delen av våningshuset på eigedomen er også svært gamal, frå 1600-talet.

Kjelde

Sjå også

Fleire kulturminne

Bispestolane – spennande kulturminne og fint turmål
Kallefossbrua – Valle
Den gamle byvegen over vestheia i Iveland
Hoslemo gamle bru
Apledokk – husmannsplassen til Dalskjempa
Nordstog Dale-loftet
Postvegen – Bjørnarå
Hornnes jernbanebru
Postvegen – Kroni til Moen
Kleveknuten bygdeborg – Hornnes
Banken i Bakken, Harstad – Valle
I fotspora til setesdølane – Skottedalskleiva

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.