Hylestad kyrkje 21. desember 2017. Foto: Geir Daasvatn

Hylestad kyrkje

Hylestad kyrkje er ei åttekanta kyrkje i lafta tømmer frå 1839, bygt av Anders Thorson Syrtveit, «Kyrkjebyggaren». Han bygde dei fleste kyrkjene i Setesdal.

Kyrkja har 200 sitteplassar og to galleri.

I våpenhuset er det kopiar av Hylestadportalane, med motiv frå heltesagaen om Sigurd Fåvnesbane. Desse portalane kom frå stavkyrkja som stod i området Hovet/Bjørgum, på andre sida av Otra, frå om lag år 1200.

Altertavla har motiva «krossfestinga» og «nattverden».

På galleriet i kyrkja står eit orgel med tolv stemmer, bygd av Brødrene Torkildsen Orgelbyggeri i 1991.

Kyrkja under Setesdal Folkemusikkfestival 7. august 2022. Foto: Geir Daasvatn

Kjelde

Sjå også

Fleire kulturminne

Evje kyrkje
Postvegen – Heddessteinen
Systog Trydal-loftet
Riksveg 400 – Syrtveit sør
Auvervassåi gamle bru – Bykle
Skollhaugan gravfelt – Skreros
Stigemo, Skomedal
Nørstevoddburet – Bygland
Huldreheimen – Bykle
Sørstemmen – Jordalsvatn
Gamle vegmurar – Nesetsvingen nord
Gravrøysa på Nånesodden

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.