Auglandskleiva ved oppstiginga frå Mosby, på veg mot byen, 27. august 2024. Foto: Geir Daasvatn

I fotspora til setesdølane – den livsfarlege Auglandskleiva

Rett sør for Mosby gjekk den første køyrevegen nordover frå Kristiansand, dåtidas setesdalsveg, høgt over der Riksveg 9 ligg i dag. Kleiva var beint fram livsfarleg!

Auglandskleiva blei bygd i 1794, i fjellsida ned frå Brattretsheia.

Augland på Norgeskart.no

Den første køyrevegen nordover frå byen blei bygd 1721–1728. Med «køyreveg» forstår me då ein veg det var mogeleg å køyre med hest og kjerre på. Han gjekk bare til Klappane. 1782–1790 kom han fram til Krossen. Vegen blei forlenga til Øvre Strai i same tidsrom. Frå 1791 til 1794 blei han så bygd vidare til Mosby.

Farleg!

Utsyn frå toppen av vegen ned til Otra. Foto.
Det er bratt ned til Otra! Foto: Geir Daasvatn

Kleiva var livsfarleg! I dag ligg Riksveg 9 og andre vegar under kleiva. Setesdalsbanen gjekk også her. Det er sprengt vekk mykje fjell for å få bygd desse anlegga. Då Auglandskleiva var i bruk var dei ikkje der. Fjellet må etter det eg kan skjøne ha skrådd bratt nedover, heilt ned til Otra.

Mange skal ha lide skade på både hest og lass medan vegen var i bruk. Folk skal rett og slett ha blitt borte. Av og til var kleiva ikkje til å kome over. Dei som skulle fram måtte ro på Otra i staden.

Det livsfarlege vegstykket var i bruk til 1861. Den nye vegen kom då mykje lågare i terrenget, nærare Otra. Setesdølane fekk ein mindre farleg og litt mindre strevsam byur.

Brukte setesdølane Auglandskleiva?

1794 var lenge før det kom køyreveg oppover i Setesdal. Det skjedde først på 1840-talet. Fram til det var byturane til setesdølane til fots med hest og kløv, og gjerne også hest med slede om det var mogeleg. Om vinteren kunne dei nokon gonger fare på isen. Frå Mosby til Kristiansand kunne dei leige båtskyss.

Eg har inntrykk av at alternativet med båtskyss mellom Mosby og Kristiansand kanskje var den vanlegaste måten setesdølane tok seg fram på. Slik er turen skildra i til dømes Gamalt or Sætesdal. På heimtur kan det truleg ha samanheng med at det sparte både mann og hest for tungt arbeid den første mila av den lange turen? På veg til byen, utan like tung bør, kan eg tenke meg at det var like raskt og praktisk å følge den nye køyrevegen. At nokon av dei uansett kom over den farlege Auglandkleiva med kløvhesten sin kan det ikke vere tvil om.

Frå midt på 1840-talet kunne setesdølane bruke hest og kjerre heilt frå Valle til byen. Eg var just over Auglandkleiva for å ta nokre bilete. Eg skjøner ikkje heilt korleis det var mogeleg å køyre med hest og kjerre der. Men seinare vegutbyggingar m.m. har endra mykje på terrenget. Det var kanskje ikke fullt så dramatisk og vanskeleg som det virkar i dag.

Kjelder

  • Torfinn Normann Hageland, Gamle veger i Vest-Agder, utgjeve av Statens vegvesen Vest-Agder, 2000, s. 183
  • Leonhard Jansen, Pål Arnfinn Haugen, Olav Røysland og Harald Tallaksen, Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9, utgjeve av Bokbyen Forlag, 2018, s. 13–59
  • Artikkelen om Auglandskleiva på Kulturminnesok.no

Fleire stykke om den gamle setesdalsvegen i Kristiansand

Fleire kulturminne

Postvegen – Hestevelt til Kroni
Setesdalsbanen – Homevassevja
I fotspora til setesdølane – Trebukleiva til Nilsedalane i Kristiansand
Postvegen – Reimarmoen
Postvegen – Kroni til Moen
I fotspora til setesdølane – Langelands mølle til Reiersdal
I fotspora til setesdølane – Buekleiv
Gamle setesdalsvegen – Moen
I fotspora til setesdølane – Vassåsdalen i Øvrebø
Gamle setesdalsvegen – Svåa
Auglandskleiva bru – Torridal
Postvegen – Kristiansand