Eg vil prøve å dokumentere flest mogeleg av minna som er att etter den gamle kvernverksemda i Setesdal.
Eg har lese eindel om kvernhistoria i Setesdal dei siste åra. Kvernene var ein særs viktig del av livet i dalen i hundreåra før oss og heilt naudsynte i livberginga av familien. Ja, dei som kjenner historia har kalt kvernverksemda for «vårt lands mest tradisjonsrike bygdeindustri» (Bygdemøllene i Norge, føreordet).
I dag er det ingen etter det eg veit som mel kornet på den gamle vasskverna som ledd i gardsdrifta. Den einaste eg kjenner til som mel regelmessig er Margit Dale i Valle. Ho seier ho mel litt på gardskverna kvar haust for å halde den gamle tradisjonen i hevd.
Les også: Kornet
Kvernminna i dag

Eg er glad i frisk luft og i å finne gamle kvernsteinar som ligg att ute i skogen. Målet mitt er å leite meg fram til og dokumentere med foto flest mogeleg av minna som er att etter den gamle kvernverksemda. I teksten som høyrer til freistar eg «berre» å forklare kort og enkelt kva bileta syner. Bileta bør liksom stå i ein samanheng om dei skal gje god meining.
Digital «bok»
Eg hadde nok fyrst tenkt å samle stoffet og gje det ut i ei bok. Spesielt med omsyn til bileta var det ein draum. Gamle kvernhus er nydelege fotomotiv! Men eg har sett at ei bok om kvernminna i Setesdal, med mange fine bilete, ville bli veldig kostbar å trykke. Samstundes er det eit «smalt» tema og usikkert kor mange som ville lese. Eg har ikkje høve til å ta pådra meg alt for store kostnader. Draumen om ei praktbok om kvernminna lyt ligge enn så lenge.
I staden vil eg samle stoffet under kategorien «Kvernminne» under «Kulturminne». Eg vil så freiste å systematisere stoffet noko nærare, så det er enkelt å finne fram i. Det kan til dømes vere å systematisere det etter kommunane eller etter gardane (matrikkelgardane). Eg har ypparleg hjelp av min gode ven Inge Fredriksen med det tekniske oppsettet på Setesdalssida, så det arbeidet er i dei beste hender. Det går seg til etter kvart.
Langtidsarbeid!

Eg har mange bekkar igjen å gå langs og mange fleire kvernspor å finne. I motsetnad til ei bok der alt må vere klart før manuskriptet går til trykking kan eg her jobbe med og legge fram stoffet etter kvart. I starten nå er det mest som ei «spire». Så vonar eg at eg etter nokre års tid har klart å pleie fram ein meir heilskapleg «kvernminneblome».
Fordjuping i litteraturen
Til framstillinga høyrer ei kjelde- og litteraturliste. Då kan du som lesar enkelt finne utdjupande stoff om du er hungrig på å vite meir. Lista vil eg oppdatere etter kvart som arbeidet går framover.
Eg håpar du finn noko du er interessert i og kanskje til og med blir inspirert av til å ta deg ein frisk tur ut langs ein eller annan av bekkane! Sit du på kunnskap om denne spennande historia er det veldig stas om du vil fortelje litt om det.