I skogen langs Kvinnebekken på Dale i Valle står to gamle kvernhus og minnar oss om den gamle kvernkulturen som var eit viktig ledd i dagleglivet i Setesdal gjennom fleire hundre år.
Korn har me menneske vore heilt avhengige av for å overleve i fleire tusen år. Men for å lage kornet om til mat må det malast til mjøl. Etter den primitive skrubbekverna og den litt meir forseggjorte handkverna byrja det å kome vasskverner til å male mjølet i Noreg på 1200-talet. Første gong ei kvern er omtalt i eit skriftleg dokument i Setesdal skal vere i samband med ein eigedomshandel i Bykle rundt 1505. Når me kjem fram til 1700-talet, var det svært vanleg at kvart gardsbruk hadde si kvern.
Kverner frå 1500-talet?
Kvern på Dale er nemnt av matrikuleringskommisjonen i 1670. Då var det tre flaumkvrner på garden, ei for kvart av dei tre gamle hovudbruka. Men garden har nok truleg hatt kvern før det, når me ser at det var kvern i Bykle alt i 1505. I matrikkelutkastet frå 1723 står det at det var kverner nok til heimebruk.
Innistog-kverna
Den dag i dag står to av dei gamle kvernhusa framleis att langs Kvinnebekken. Det nedste av dei høyrer til Innistog (gnr. 27, bnr. 1). Etter SEFRAK-registeret skal kverna vere frå 1700-talet. I avsnittet ovanfor har me sett at det var kverner på Dale iallfall frå 1670, og kanskje endå tidlegare. Det taler for at korkje Innistog-kverna eller Systog-kverna (neste avsnitt) er dei første kvernhusa som stod langs Kvinnebekken. Dei er truleg skifta ut minst ein gong. Nokre gonger var det naudsynt å byggje opp att kvernhus som var teke av flaum og uvér. Til dømes skal 13 kverner i Bygland ha blitt øydelagde ved ras og flaum rundt 1793. Den «normale» slitasjen på husa var òg stor. Dei stod i eit blautt og hardt miljø, og var nok svært utsette for rote og andre skader.
Stykket held fram under biletet

Systog-kverna er framleis i bruk!
Lenger oppe langs bekken ligg kverna til Systog Dale (gnr. 27, bnr. 5). Ho skal òg vere frå 1700-talet. Kverna er fint restaurert av Anders Dalseg og Dagfinn Lunden, har eigaren Margit Dale forklart. Margit seier også at ho mel på kverna ein gong kvar haust, for å halde kunnskapen om den gamle tradisjonen i hevd. Eg veit ikkje på sparket om nokon andre stader i Setesdal der ei gamal kvern framleis er i aktiv bruk. Det gjer kverna ekstra viktig som eit levande og verdfullt kulturminne frå ei tid som er forbi. Om andre slike «aktive» kverner finst, er eg glad for tips!
Stykket held fram under biletet

Tuft etter den tredje kverna
Nokre ti-tals meter nedanfor kvernhuset til Innistog kan me tydeleg sjå tufta etter det tredje kvernhuset på Dale, det til Nordstog (gnr. 27, bnr. 2). Me ser restar etter vassrenna, honnsteinane og to kvernsteinar.
Stykket held fram under biletet

Det er sanneleg spennande å gå på oppdagingsferd langs kvernbekkane i Setesdal!
Kjelder
- Alfred Ryningen, Valle kommune VI, Gards- og ættsoge for Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, s. 10–11 og s. 14
- Aasmund Tveiten, Vasskraftutnytting i Bykle kyrkjebygd i gamle dagar, stykke i Jol i Setesdal, 2000, s. 34–37
- Margit Dale, opplysningar gjeve i kommentarfeltet på Setesdalssida på Facebook
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VII, utgjeve av Bygland kommune, 2012, s. 207
- Kristoffer Visted og Hilmar Stigum, Vår gamle bondekultur, bind I, 3. utgåve, utgjeve på J. W. Cappelens Forlag, 1971, s. 9 flg.
- SEFRAK-registeret