Nordenåkverna 17. juli 2024. Foto: Geir Daasvatn

Nordenåkverna – Åraksbø

Nordenåkverna er i dag det einaste kvernhuset som står att langs Hovassåna i Åraksbø. Gjennom tidene kan det ha vore opp mot 20 kvernplassar langs elva.

Nordenå ligg i dei bratte bakkane på nordsida av Hovassåna. Garden hadde ein god kvernstad i Skrikarjuvet. Staden er eit godt stykke ovanfor Nordenåbrua, og oppforbi der dammen etter Åraksbø kraftverk ligg no. Her var det kvern iallfall frå 1621/1622, skriv Reidar Vollen i Bygland gard og ætt (bind IV, s. 285).

Kornet var livsviktig

Korn har me menneske vore heilt avhengige av for å overleve i fleire tusen år. Men for å lage kornet om til mat må det malast til mjøl. Det har skjedd på ulike vis opp gjennom historia. I ein periode, frå 1500-talet eller før til ut på 1900-talet, blei malinga utført på dei små bekkekvernene som mest kvar einaste gard i Setesdal hadde attmed ein bekk eller ei lita elv i nærleiken. Nordenåkverna var ei slik bekkekvern.

Stykket held fram under biletet

Kvernhuset på Nordenå 17. juli 2024. Foto
Kvernhuset på Nordenå 17. juli 2024. Foto: Geir Daasvatn

I bruk til andre verdskrigen

Nordenå-folka mol på kverna om lag til andre verdskrigen. Etter det var det helst Olav Helleikson Hytta, og etter han sonen Anders Olsen Hytta, som mol for bygdefolket. Dei var «bygdemylnarar», men for folk utanfor Åraksbø kanskje like godt kjende som dyktige spelemenn.

Kverna står litt på sida av elva, noko i le av hovudstraumen, og «overlevde» storflaumen i 1997. Det er den
verste flaumen nokon kan hugse i Åraksbø.

Kvernhuset er ikkje i beste stand. Men eigarane Bjørg Nordanå og Nils Runar Hammer på Nordenå (bnr. 1) har etter det me skjøner handfaste planar om å restaurere bygget. Å få det i stand igjen vil vere eit særs verdifullt ledd i å ta vare på kulturhistoria langs Hovassåna for ettertida.

Alderen er uviss

Kor gamal kverna på Nordenå er veit me ikkje. Men kvernhusa langs Hovassåna må etter alt å døme vere skifta ut både ein og kanskje fleire gonger. Nokre gonger var det naudsynt å byggje opp att kvernhus som var teke av flaum og uvér. Den «normale» slitasjen på husa var òg stor. Dei stod i eit blautt og hardt miljø, og var nok svært utsette for rote og andre skader. At kverna skulle vere frå den første skriftlege registringa i 1621/1622 er såleis svært usannsynleg.

Nordenåkverna på Kulturminnesok.no

Bok om kulturminna langs Hovassåna

Me er ein liten gjeng med lokale «kulturminneentusiastar» – Bjarne Nordgarden, Olav Øygarden, Olav Lidtveit, Knut Haugetveit, Knut Gakkestad og eg Geir Daasvatn – som er i gang med eit bokprosjekt om kvernhusa og alle dei andre kulturminna som finst eller har vore langs Hovassåna. Det er eit ganske stort prosjekt som vonaleg kan vere i hamn før jol i 2025. Men det er veldig mykje spennande historie langs Hovassåna, og mykje å fortelje om, så kanskje prosjektet dreg seg ut i 2026 óg.

Fossefall i Hovassåna i Skrikarjuvet. Foto.
Hovassåna i Skrikarjuvet 17. juli 2024. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Tårnet – Longerak
Kleveknuten bygdeborg – Hornnes
Ekron – Nordre Haugetveit
Sandbekk jernbanebru – Sandbekkbrua på Rv-9
Postvegen – Ærekilen, Hodne
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Straumen – husmannsplassen til ferjemannen
Gamle Fånekleiva – Bygland
Postvegen – Flateland bru
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Kroni til Moen

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.