Postvegen, eller den gamle setesdalsvegen om du vil, forbi Bakken 6. juni 2020. Foto: Geir Daasvatn

Postvegen – Bakken

Forbi Bakken, ved botnen av Gylii, heilt nord i Valle, ligg ei godt bevart sløyfe av den gamle setesdalsvegen løynd i skogen.

Postvegen, den første ordentlege køyrevegen for hest og kjerre oppover i Setesdal, blei ferdig til Valle kyrkje i 1844–1846. Men der stoppa arbeidet opp. Folk i øvre delen av Valle og heile Bykle måtte framleis bruke kløvhest for å frakte varer. Det var veldig tungvint. Men viljen til å kome vidare nordover med vegen var laber. «Iallfall når det skulle løyvast over kommunebudsjettet», skriv Leonhard Jansen i praktverket Frå postveg til riksveg – vegar og vegmine langs riksveg 9 (s. 164).

Men i 1865 blei det endeleg vedteke å be amtet (fylket) godkjenne opparbeiding av køyreveg opp til Bykle. Arbeidet kom i gang, og i 1879 nådde vegen fram til Bykle kyrkje.

Bakken

Gamlevegen 5. september 2024. Foto: Geir Daasvatn

Før i tida var det to husmannsplassar i Bakken. I 1938 blei teigen fråskild Lunden bnr. 6, og blei sjølvstendig bruk. Om eg ikkje tek heilt feil, er det Torjus Lunden i Bykle som har eigedomen i dag.

Forbi Bakken (stykket her) blei vegen bygd i 1873. Han kom då på nedsida av husmannsplassane, som låg litt høgare oppe i jorda. Før vegen kom til Bakken hadde han, same året, kome over den flate Reimarmoen. Vidare nord for Bakken bar det opp den tunge Gylii.

Vegen forbi Bakken var i bruk til 1930 er det sagt på Kulturminnesok.no. Då blei han lagt om til om lag den linja Riksveg 9 følger nå.

Bakken på Norgeskart.no (den stipla linja som går i ein sving rett aust for Rv-9 syner den gamle vegen)

Kjelder

  • Leonhard Jansen, Pål Arnfinn Haugen, Olav Røysland og Harald Tallaksen, Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, s. 161 og kart nr. 26 bak i boka
  • Artikkelen om Postvegen (den gamle setesdalsvegen) forbi Bakken på Kulturminnesok.no

Lenker

Fleire kulturminne

Kleveknuten bygdeborg – Hornnes
I fotspora til setesdølane: Moldkleiv på Mosby
Birkelandsfossen – flotingsmur
Hamregruva – Bygland
Moi gravfelt
Bjønnespranget – Åseral
Apledokk – husmannsplassen til Dalskjempa
Espelidburet – Åseral
Postvegen – Fosslid
Håvorstad sagbruk – Åseral
Deknehola ved Storstraumen
Riksveg 400 – Lauvdalsodden