Brukar etter den gamle setesdalsvegen på Flateland 21. november 2023. Foto: Geir Daasvatn

Postvegen – Flateland bru

Køyreveg nordover frå Valle til Bykle kom først på 1870-talet. Flateland bru blei bygd om lag 1873.

Den første ordentlege køyrevegen i Setesdal var køyrbar med hest og kjerre fram til Valle i 1844, og heilt ferdig i 1846. Han blei formelt avlevert i 1847. «Postvegen» var han kalla. «Naturleg nok tok det ikkje lang tid etter at vegen var avlevert, før det kom krav om å halde fram med arbeidet». Ja, så heiter det i den særs interessante boka om vegar og vegminne langs Riksveg 9 (s. 50).

Arbeidet kom i gang i 1867. Rundt 1873 strevde vegbyggarane seg forbi Flateland, der dei sette opp Flateland bru. Du finn brukara på biletet om du går kanskje 100 meter innover på grusvegen mot Flateland Camping, Så går du dei få stega bort til Flatelandsåna, som her renn rett på nedsida av Rv-9. I 1927 blei brua gjort om til ei stålbjelkebru. Ho var i bruk til vegen blei lagt om i 1961.

Nord for den korte brua som i dag fører Rv-9 over Flatelandsåna tok gamlevegen av mot høgre og kom ut igjen rett sør for vegkrysset til Rygnestad. Men det strekket sparer eg til eit innlegg ein annan gong.

Det vanskelegaste stykket vidare nordover mot Bykle var forbi Byklestigen. Her blei arbeidet utført 1876–1879. Byklarane fekk endeleg også ein brukbar køyreveg!

Kart over området der du kan sjå brukara

Kjelder

Du vil kanskje sjå

Fleire kulturminne

Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean
Futevegen – Kalveskinnsupsa
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle
Bjoneskleivi – Bykle
Skjevrak brygge – Bygland