Vegen forbi Fosslid 24. august 2023. Foto: Geir Daasvatn

Postvegen – Fosslid

Like etter Reiårsfossen på veg nordover, ved rasteplassen på Riksveg 9, svingar den gamle Postvegen seg av mot venstre, går opp Kleivi og forbi Fosslid. Postvegen var den første ordentlege kjerrevegen oppover i Setesdal.

I dag er Fosslid fritidseigedom. På 1800-talet var han husmannsplass. Først i 1923 blei eigedomen skyldsett med eige bruksnummer. Her stod også det kjende Fosslidburet, før det blei flytta til Austad.

Eg har litt ekstra moro av å følge vegen forbi Fosslid, for der budde i ein periode Karl Salveson Kvinen (f. 1831, d. 1879). Han var son av Salve Tellefson Kvinen, tipp-tipp-oldefar min. Samstundes som eg har lese meg litt opp på kor Postvegen gjekk i gamle dagar, har eg såleis lært noko meir om slekta mi frå Setesdal.

Opp Kleivi og fleire andre stader langs vegen kan me sjå steinmurar frå den første vegbygginga. Vegen kjem ned igjen til der riksvegen går i dag, eit par hundre meter sør for garden til Dreng Ose. Etter det svingar han på nytt til venstre, nå gjennom Ose sentrum. Det får bli ei skildring for seg.

Bygd rundt 1842

Det var rundt 1842 Postvegen kom forbi Ose. I 1912 tok arbeidet med å legge om vegen til, skriv Reidar Vollen i Bygland gard og ætt (bind III, s. 435). På bilete same stad frå 1917 eller 1918 ser me at det vert arbeidd på den nye veglina. Av bilete frå tidleg 1920-talet går det fram at vegen då er lagt om, og har kome heilt ned mot Ose brygge, meir i den lina Rv-9 har i dag. Men i over 70 år gjekk altså «hovudvegen» gjennom Setesdal forbi tunet i Fosslid. Om du klikkar deg inn på den raude lenka til Fosslidburet ovafor, kan du sjå eit flott August Abrahamsson-bilete som syner den gamle vegen slik han faktisk var. I Bygland gard og ætt (bind III, s. 526) er det også eit veldig fint bilete som viser korleis vegen gjekk forbi Fosslid.

Kart over området

Meir om Postvegen på Setesdalssida

Saka held fram under biletet

Gamlevegen ved Fosslid, med Reiårsfossen i bakgrunnen. Foto: Geir Daasvatn

Kjelder

  • Leonhard Jansen m.fl., Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, s. 118 og kart nr. 15 bak i boka
  • Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind III, Bygland kommune, 2005, s. 433–435 og s. 526–527
Her rett sør for rasteplassen tek traséen til frå Rv-9. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean
Futevegen – Kalveskinnsupsa
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle