Postvegen på Uppstad 10. november 2019. Riksveg 9 ser me nede t.v. Foto: Geir Daasvatn

Postvegen Kristiansand–Bykle

Postvegen var det ein kalla den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) frå Kristiansand og oppover i Setesdal (Den Sætherdalske hovedvei).

Artikkelen her er ei peikarside (ei lenkeside), med lenker til alle artiklane på Setesdalssida som omtalar Postvegen. Det er meininga – eller kanskje meir realistisk sagt draumen – at artiklane til slutt skal dekke heile vegstykket frå starten i Kristiansand til Hovden i Bykle. Då kan den interesserte lesar på ein lett og oversiktleg måte finne det stykket av vegen han eller ho er interessert i å lese og/eller sjå noko om.

Spora etter vegen i dag

Det er spora etter vegen i dag eg vil syne fram. Stykka er i grunnen ei digital biletbok. Historia til vegen inkludert historiske bilete er glimrande fortald av Leonhard Jansen, Pål Arnfinn Haugen, Olav Røysland og Harald Tallaksen i Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9 (Bokbyen Forlag, 2018).

Ordna kommunevis

Artiklane er ordna slik at du klikkar på lenka til den einskilde kommunen nedanfor. Då får du opp alle stykka som gjeld den kommunen i rekkefølge frå sør mot nord.

Eg har laga eit trykt hefte om Postvegen gjennom Evje og Hornnes. Det kan du få kjøpt hos meg.

For dei andre kommunane vil oppsettet her enn så lenge erstatte trykte hefte. Eg har inntrykk av at dei fleste ønsker at stoffet er å finne på nettet, og at interessa for trykte utgåver er mindre.

Oversikten er ikkje komplett nå i starten. Dette er eit «langtidsprosjekt», der vegen bokstavleg talt blir til medan eg går.

Eg håpar du finn mykje spennande å lese og sjå!

Postvegen

Fleire kulturminne

Postvegen – Hestevelt til Kroni
Setesdalsbanen – Homevassevja
I fotspora til setesdølane – Trebukleiva til Nilsedalane i Kristiansand
Postvegen – Reimarmoen
Postvegen – Kroni til Moen
I fotspora til setesdølane – den livsfarlege Auglandskleiva
I fotspora til setesdølane – Langelands mølle til Reiersdal
I fotspora til setesdølane – Buekleiv
Gamle setesdalsvegen – Moen
I fotspora til setesdølane – Vassåsdalen i Øvrebø
Gamle setesdalsvegen – Svåa
Auglandskleiva bru – Torridal