Trydalstoga 5. februar 2020. Huset hadde opphaveleg torvtak. Det kjem venteleg på igjen om ikkje for lenge. Foto: Geir Daasvatn

Trydalstoga – Kristiansand museum

Trydalstoga er ein av dei gamle bygningane frå Setesdal i Setesdalstunet på Kristiansand museum på Kongsgård.

Stoga blei selt frå gardsbruket Der Inne i Trydal i Bykle i 1952. Der var det bygd nytt våningshus i 1945. Knut Hallvardsson Trydal (f. 1899, d. 1975) og Birgit Taraldsdotter Trydal (f. Mosdøl 1903, d. 1988) eigde Der Inne då. Knut hadde historiske interesser. Ved sida av salet av Trydalstoga til museet deponerte han eit innhaldsrikt gardsarkiv ved Statsarkivet i Kristiansand.

Trydalstoga blei sett opp på Der Inne på 1790-talet. Gardeigar den gong var Torleiv F. Trydal (f. 1740, d. før 1801). Det stod opphaveleg eit loft i enden av bygningen, under same takflata. Men loftet blei verande igjen i tunet då stoga blei flytta til Kristiansand.

Kjelder

  • Aanund Olsnes, omtalen av gardsbruket Der Inne i Heimar og folk i Bykle, utgjeve av Bykle kommune, bind V, s. 148–168

Lenker

Du vil kanskje også sjå

Trydalstoga 5. januar 2020. På rekke vidare står Nomelandsloftet, årestoga frå Kveste og Kvesteloftet. Eit vakkert syn! Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Minne kultursenter – Åseral
Sordal nordre gravfelt med Haugeteddan
Ramselia – Øvre Dåsvatn
Postvegen Uppstad–Flårenden
I fotspora til setesdølane: Moldkleiv på Mosby
Krokan – ein husmannsplass i Åraksbø
Riksveg 400 – Kvernhusmyra sør for Ærekilen
Listeinsfjellet på Evjemoen
Postvegen – Hoslemo
Husmannsplassen Hagen
I fotspora til setesdølane – Trebukleiva til Nilsedalane i Kristiansand
Postvegen – Nesetsvingen sør

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.