Bygdeborga på Urdalsfjell var eit forsvarsverk mot inntrengarar i ufredstider på Urdalsfjell på Åvesland mellom Flatebygd og Gautestad i Evje og Hornnes.
Det er minst fem kjende slike bygdeborger i kommunen: På Kleveknuten på Hannås, på Horgeknipen på Senum, på Kallshovet på Kallhovd, på Steinsfjell nær Evje sentrum og altså på Urdalsfjell.
Det er vanlig oppfatning blant arkeologene, heiter det i kultursoga for Evje og Hornnes, at borgene er frå folkevandringstid og sein romartid, kanskje rundt år 350–550 e.Kr.
Bygdeborga på Åvesland er den der det meste av borgmuren ennå er å sjå. Muren ligg på nordsida av fjellet, og strekker seg 60–70 meter i aust-vestleg retning. Midt på har det vore ein opning for menneskje og dyr.
God forsvarsstilling
Borga må ha vore god å forsvare. Fjellet er stupbratt på alle kantar, med unnatak for nordsida der muren ligg. Det må ha vore litt av eit arbeid å transportere all steinen til muren opp på fjellet.
Anlegget har sjølvsagt lenge vore kjend av folk i lokalmiljøet. Men det var lokalhistorikaren Sigmund Monen som fekk det registrert som bygdeborg så seint som i 1984.
Bygging, vedlikehald og vakthald må ha krevd stort mannskap og ei form for fast organisasjon. Truleg måtte folk samle seg på lokale bygdeting for å bli einige om slike prosjekt og korleis dei skulle gjennomførast. Det må derfor etter alt å døme ha budd ganske mange folk fast på Åvesland og gardane omkring alt i folkevandringstida.
Kjelder
- Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 287
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, 1990, side 50–51
- Artikkelen om bygdeborga på Urdalsfjell på Setesdalswiki