Postvegen – Storstraumen

Me kan sjå tydelege spor etter Postvegen, den første ordentlege køyrevegen oppover i Setesdal, på både austsida og vestsida av Storstraumen i Bygland. Postvegen blei bygd oppover i dalen først på 1840-talet. Det var den første vegen der ein kunne kome fram med vogn eller kjerre med hjul. Etter å ha passert Urdviki, og krysset […]
Postvegen – Vrongevje

Ved Vrongevje, på grensa mellom Moi og Tveit i Bygland, er det framleis tydelege spor etter Postvegen, den første ordentlege kjerrevegen oppover i Setesdal. Forbi Moi gjekk Postvegen heile tida på nedsida (nærare Otra) av der Riksveg 9 ligg i dag. Då vegen nærma seg Vrongevje, svinga han seg opp mot dagens veg for å […]
Postvegen – Einang

Rett nord-vest for Einang kan me framleis finne igjen ei lang sløyfe av den første køyrevegen mellom Valle og Bykle. Postvegen – den første ordentlege køyrevegen for hest og kjerre oppover i Setesdal – stod ferdig fram til Valle kyrkje i 1846. Vidare nordover til Bykle var det framleis ikkje køyrbar veg. Først i 1865 blei […]
Postvegen – Skorpetveit

Køyreveg frå Valle til Bykle kom først på 1870-talet. Ved Skorpetveit nord i Valle kan me framleis sjå ei lang sløyfe av gamlevegen. Postvegen – den første ordentlege køyrevegen for hest og kjerre – stod ferdig fram til Valle kyrkje i 1846. Vidare nordover til Bykle var det framleis ikkje køyrbar veg. Først i 1865 […]
I fotspora til setesdølane – Kiledalskleiva i Hægeland

Kiledalskleiva var ein bratt bakke på Postvegen, den første ordentlege køyrevegen oppover i Setesdal, mellom Kiledal i Hægeland og Vestre Hodne i Hornnes. Spesielt vinterstid kunne kleiva vere glatt og vanskeleg å forsere. Om lag midt i kleiva ligg framleis den spesielle Kiledalskleiva bru. Riksveg 9 går forbi rett under kleiva. Eg har omtalt Kiledalskleiva, og har med fleire bilete, i det trykte heftet mitt om Postvegen […]
Postvegen – Nesmoen

På Nesmoen i Bygland er det framleis tydelege spor etter Postvegen, den første ordentlege kjerrevegen oppover i Setesdal. Etter å ha kome forbi Setesdal Hotell på Nesmoen, på veg nordover, tek Riksveg 9 ein slak sving mot høgre og kjem til Urdviki. Det er der den svære rasvollen er bygd. Postvegen, og den gamle riksvegen, […]
I fotspora til setesdølane – Reiersdalskleiva i Øvrebø

Reiersdalskleiva er eit vegstykke på den gamle Setesdalsvegen på Reiersdal i Øvrebø i Vennesla. Den første traseen her blei bygd 1829–1833. Han var i bruk til 1884 («Gamle Reiersdalskleiva»). Då kom det ein ny trase litt høgare oppe i terrenget («Nye Reiersdalskleiva»). Denne nye kleiva var i bruk til 1965, då vegen blei flytta litt austover til der Riksveg 9 går […]
Postvegen – Bjørnaråkleiva

I skogen på Bjørnarå finn me framleis spor etter den første ordentlege køyrevegen mellom Valle og Bykle. Den første køyrevegen oppover i Setesdal, mellom Kile og Valle, blei bygd først på 1840-talet. Sør for Kile, frå Kristiansand og nordover, var det kome køyrbar veg litt før, i fleire etappar, på første halvdel av 1830-talet. I […]
Postvegen – Rakkenesbakken

Mellom Grendi og Longerak i Bygland ligg Rakkenes. Det står fine murar igjen i Rakkenesbakken som blei bygd på Postvegen rundt 1842. Postvegen, ja det var den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) oppover i Setesdal. Denne første vegen gjekk på oversida av dagens Riksveg 9, nærare hyttene som er på staden nå. Du kan såvidt skimte dei gamle […]
I fotspora til setesdølane – Myrbotnkleiva

Myrbotnkleiva var ein lang bakke på den første kjerrevegen nordover frå Kristiansand, rett ved Riksveg 9, mellom Vehus og Homstean i Øvrebø. Vegen i kleiva ned til Knutsmyr blei bygd i 1829–1832. I dag finn du han lett rett sør for krysset mellom Riksveg 9 og Fylkesveg 3948 (Utsognvegen) mot Stokkeland. Nokre få hundre meter […]
I fotspora til setesdølane – Knutskleiva ved Homstean

Rett sør for Homstean i Øvrebø i Vennesla, på nedsida (vestsida) av Riksveg 9, står mest heile Knutskleiva igjen etter den aller første kjerrevegen nordover frå Kristiansand. Vegen i kleiva blei bygd i 1832. Dette var lenge før Postvegen kom gjennom Setesdal. Men seinast då Postvegen var køyrbar med hest og kjerre først på 1840-talet, […]
I fotspora til setesdølane – Eljannskleivan på Hægeland

Den gamle setesdalsvegen gjennom Hægeland gjekk forbi Hægeland kyrkje og ned Eljannskleivan før han passerte over Eldjansåna på bru. Den første ordentlege køyrevegen mellom Mosby i Kristiansand og Kile i Hægeland blei bygd 1829–1835. Strekninga som er omtala her, Eldjannskleivan, blei bygd i 1835. Vegen ligg noko aust for dagens Riksveg 9. Det er lagt […]
I fotspora til setesdølane: Moldkleiv på Mosby

Den gamle setesdalsvegen gjennom Mosby gjekk rett aust for dagens Riksveg 9, gjennom der Høie Fabrikker ligg i dag, og opp den bratte Moldkleiv. Den første ordentlege køyrevegen mellom Mosby i Kristiansand og Kile i Hægeland blei bygd 1829–1835. Strekninga som er omtala her, Moldkleiv, blei bygd i 1829. Då Postvegen kom vidare oppover i […]
«Setesdalsvegen» forbi Troåsen i Hægeland

Frå rundt 1835 til 1884 gjekk den første køyrbare «Setesdalsvegen» i Tromyrkleiva på Eikeland, noko vest for dagens Riksveg 9, rett sør for Hægelandskrossen. Vegen forbi Tromyrkleiva blei bygd 1829–1835 heiter det på Kulturminnesok.no, og utvida 1845–1847. Han var i bruk til 1884. Då blei det bygd ny trasé på austsida av Spelarfjellet, meir der […]
Postvegen i Hornnes

Postvegen var det ein kalla den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) frå Kristiansand og oppover i Setesdal (Den Sætherdalske hovedvei). Gjennom Hornnes kom han rundt 1840. Mellom Fennefoss og Senum i Hornnes kom den aller første køyrevegen i indre Agder i 1803–1804. Me kan undrast litt. Kvifor akkurat her? Setesdølane trong å hente livsnødvendige varer som […]
Postvegen – Flåstrondi

Postvegen kom forbi Flåstrondi rundt 1844. Flåstrondi er namnet på strekninga på austsida av Flåni, frå Flåren bru til Sandnes, i Valle. Postvegen var den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) oppover i Setesdal. Vegmiljø Strekninga var ei stor utfordring for dei som bygde vegen. Det var smalt mellom vatnet og fjellveggen. Desto høgare opp i lia ein måtte bygge vegen, desto meir utsett vart […]
Postvegen Uppstad–Flårenden

Frå avkøyrsla opp til Uppstad frå Riksveg 9 til tunet i Flårenden går det ein løyndomsfull veg, eit stykke av den gamle Postvegen, skjult i skogen på oversida av riksvegen. Det er ein kort spasertur, men vel verdt ein stopp på veg oppover eller nedover i Setesdal. Postvegen var køyrande med hest og kjerre til Valle kyrkje frå hausten 1844. […]