Futevegen – Vegusdal

Futevegen med bru i skumringa. Foto.

Futevegen i Vegusdal var ein del av det gamle vegsambandet mellom Evje og Frolands Verk. Han blei bygd som hjulveg på 1840-talet, men var i bruk som ride- og kløvveg lenge før det. I dag er vegen delvis restaurert og merka som turløype, og er ein del av den kulturhistoriske løypa som kallast Allmannavegen. Start frå Vegusdal […]

Juvassvegen – Åseral

Den kempestore Kjeddingsteinen rett i vegkanten langs Juvassvegen. Foto.

Juvassvegen går frå Austegard i Åseral, på austsida av elva Logna, nordover til Juvassdammen i søre enden av Juvatn. Det er ein fin sykkeltur! Vegen er om lag seks km lang. Han er open for almenn ferdsle, om du vil køyre med bil. Han går mellom anna forbi dei vakre fossane Store-Rjukan og Lisle-Rjukan i Logna-elva. Her er mange fine badeplassar om sommaren. […]

Skogsbilvegen Heistad – Fiskeløys

Vatnet Fiskeløys i oktober. Foto.

Frå Heistad i Bygland kan du køyre, eller like gjerne sykle, rundt fem km på fin skogsbilveg innover i nydeleg heieterreng til vatnet Fiskeløys. Eg har bare vore innover vegen her ein einaste gong, for rundt sju år sidan. Så skildringa av turen kan ikke bli så veldig detaljert. Til det er hugsen alt for […]

Skogsbilvegen Jordalsbø – Eksæ

Sommar ved Støylen Øy. Foto.

Frå Steinstog øvst oppe i Jordalsbø går det skogsbilveg, Eksævegen, mange kilometer austover i heia til Jordalsvatn, vidare til den gamle støylen Øy og til slutt det store vatnet Eksæ. Du kan køyre bil på vegen, ein dagstur, mot ei bomavgift på bare 50 kr. Om du heller vil jogge eller sykle, er det ei […]

Bertesknapen tur- og sykkelløype – Evje

Den kulerunde radaren på toppen av Bertesknapen. Foto.

Enten du vil gå på apostlenes hester, eller ønsker å sykle for å få mer vind i håret, er Bertesknapen nord i Evje et knallbra turmål! Fjellet er det høyeste i gamle Evje kommune, 652 moh. Fra Nordbø i Flatebygd til Bertesknapen Hvis du har lyst på en tur i nydelig skogsterreng, kan du starte […]

Hovsdalen – Hylestad

Landskapet rundt Mærstøyl i Hovsdalen. Foto.

Frå Hovet i Hylestad går Gjerdestøylvegen om lag sju kilometer oppover og innover i heia til Hovsdalen med mange gamle støylar og vakkert landskap. Du kan køyre ein tur med bilen. Det er ein betalingsveg. Du betaler 100 kroner for ein dagstur ved starten av vegen. Du kan betale kontant, med Vipps eller til bankkonto. […]

Nasjonal sykkelrute nr. 3 gjennom Evje og Hornnes

Kilefjorden i Otra. Foto.

Nasjonal sykkelrute nr. 3 går fra Kristiansand til Haukeligrend. Traséen gjennom Evje og Hornnes er nesten flat og veldig fin for en sykkeltur. Det gjelder enten du vil ut på en knallhard treningstur på terrengsykkelen eller bare vil ta en rolig søndagsutflukt med familien. Løypa passer dessuten veldig godt til en tur på el-sykkel, som du […]

Langs Vikstølvegen til heiegarden Vikstøl

Vikstøl i vakker solnedgang. Foto.

På heia mellom Flatebygd og Gautestad i Evje går Vikstølvegen frå Suva sørover til den fråflytta heiegarden Vikstøl. Turen går gjennom noko av det mest idylliske landskapet vi har i bygda vår. Ein sykkel- eller spasertur her ein varm midtsommarkveld er uforgløymeleg. Prestøygard og Storøygard Frå starten ved Suva går Vikstølvegen først forbi Prestøygardsvatnet og Storøygardsvatnet. Det […]

Bykle ljosløype

Bykle ljosløype med fint grusunderlag. Foto.

Dette er ei fin rundløype med grusunderlag. På sommaren kan du både gå og sykle rundt løypa. På vinteren er det oppkøyrt skiløype. Bykle ljosløype nokre bratte bakkar innimellom. Men ikkje verre enn at du gjerne kan ta ein tur med barnevogna eller ein elektrisk rullestol. Heile runden er 5,5 km lang. På høgaste punktet […]

Vatnedalsvegen – Grendi

Grimdalsvatnet. Foto.

Frå Grendi i Bygland kan du sykle eller køyre bil mange kilometer innover i Grendisheia. Ja, heilt til Åmli kjem du! Vatnedalsvegen tek til frå Hovstad i Grendi. Det er ein bomveg der du betaler 130 kr (Vipps til 563948) for ein enkelttur med bil. Å sykle kostar ingenting. Etter ei ganske bratt oppstiging flatar […]

Ånebjør – Bygland

Ånebjør. Landskapsfoto.

Ånebjør er ein heiegard langt inne i fjellheimen i Bygland vesthei, på grensa mot Åseral. I utstrekning er han den største i Bygland kommune. Garden ligg vakkert til ved elva Logna, nord for Beinsvatnet og Juvatn. Han er først omtalt i skriftlege kjelder i 1647. I 1875 var det tre bruk på Ånebjør. Dei hadde hestar, kyr, sauer og geiter. […]

Langevatn – Åseral

Dam Langevatn i Åseral. Foto.

Ved søre enden av Langevatn på Ljosland i Åseral ligg ein svær ny steinfyllingsdam, ferdig i 2020. Frå dammen kan du sykle eller gå vidare på Langevassvegen, om lag åtte km nordover til andre enden av vatnet. Frå enden av vegen er det bare ein kort fottur på rundt tre km på stig til den kjende fjellgarden Pytten. Den nye […]

Sykkeltur i vakre Ljosådalen

Skogsbilvegen i Ljosådalen. Foto.

Frå Sessane bru over Otra rett vest for Bjørnarå kan du sykle fleire kilometer innover i den vakre Ljosådalen. Ljosådalen er eit 15–20 kilometer langt dalføre lengst nord i Valle, på vestsida av Otra. Dalen, med Ljosåni i dalbotnen, strekk seg frå Setesdal Vesthei i vest og ganske rett aust–nord-aust med utlaup i Otra vest for Bjørnarå. Om lag […]

Vatnedalen i Bykle – ein knallfin sykkeltur!

Grusvegen langs Vatnedalsvatnet. Foto.

Det går veg inn til Vatnedalsdammane frå Riksveg 9 ved Berdalsbru i Bykle. Frå damanlegget går det anleggsveg (grusveg, stengt med bom) vestover, på sørsida av Vatnedalsvatnet, heilt inn til andre enden av vatnet. Strekninga er om lag 20 km, altså 40 km t/r. Det er ein fantastisk fin sykkeltur. Det er parkeringsplass rett ved Vatnedalsdammen. […]

Vatnedalen i Bykle: Kanelsnurrane berga dagen!

Kanelsnurr på Vatnedalsdammen

Eg var ein tur til Bykle og den enorme Vatnedalsdammen i forrige veke. Det blei ein annan slags tur enn eg hadde tenkt. Men alt-i-alt ein strålande sykkeltur i ukjent terreng! Her er ein liten rapport frå turen, henta frå Facebooksida «Setesdalssida» som eg også er administrator for. Lesarinnlegg, skrive av Geir Daasvatn, publisert på Setesdalssida på […]