Vekas bilete

Helleren – Åseral

Gamle husmurar i vasskanten på Helleren. Foto.
Trykk på bilete for å sjå full størrelse. Gamle husmurar på Helleren 1. august 2018. Foto: Geir Daasvatn

Helleren ved Juvatn i Åseral er ein av mange gardar i landet vårt som måtte flyttast frå då framsteget kravde sitt.

Helleren – eller Hedderen som åsdølane seier – ligg på vestsida av Juvatn, nord-aust for Bortelid, heilt nord i Åseral. Om du held fram nokre kilometer nordover til vegs ende, kjem du til heiegarden Ånebjør. Då er du over grensa til Bygland kommune.

Kor gamal garden er, er uvisst. Kanskje kan han vere frå heilt tilbake til før Svartedauden (1349–1350)? Berte Torhild Torkildsen har skrive bok om slekta til far sin, Sven Helleren, som kom frå denne veglause heiegarden. Ho meiner det har budd folk på Helleren i alle høve frå før 1600, men truleg mykje lenger. Ho syner mellom anna til at det stod eit gamalt stabbur på garden, med årstalet 1600 hogd inn i det grove tømmeret.

Oppdemming og fråflytting

Ved Kronprinsregenten sin resolusjon av 9. desember 1955 fekk Vest-Agder Elektrisitetsverk løyve til å demme opp dei tre vatna Juvatn, Mevatn og Grunnevatn til eitt stort magasin for kraftverk lenger nede i dalføret. I 1958 stod den svære Juvassdammen ferdig. Vatnet steig. Storparten av innmarka på Helleren, som låg ved nordre enden av Grunnevatn, kom under vatn. Menneska som var på Helleren måtte flytte frå heimstaden sin.

Jeg tror alle hadde vanskelig for å riktig fatte virkeligheten. En av de vakreste gardene i Åseral skulle nå legges under vatn og bli borte for alltid!!!

Berte Torhild Torkildsen

Bygningane som stod på dei to bruka på Helleren er som Berte skriv borte. Men om du er forbi Juvatn ein dag vatnet er langt tappa ned, kan du framleis finne spor etter den tapte tida.

Kjelder

Du vil kanskje også sjå

Fleire bilete

Otra – Straume
Vestre Hodne i Hornnes
Linbekk bru – Øvrebø
Furua på Eikjåknodden – Bygland
Rygnestadlåven
Bjønnebua – Mjåland
Tveitetunet – tilbake til fortidas prakt!
Kveld over den gamle husmannsplassen
Storstraumen frå ein annan ståstad
Klepp – Evje
Bykil – Botsvatn
Den gamle steinvegen i Flårenden