Gravfeltet på Træletveit 17. oktober 2024. Me ser røys nr. 1. Foto: Geir Daasvatn

Træletveit gravfelt – Åraksbø

Gravfeltet ligg på grunnen til Gausi (gnr. 31 bnr. 3) på Træletveit i Åraksbø.

I feltet er det registrert sju gravrøyser av ulik storleik. Tre av røysene er svært tydelege og klart definerte. Dei andre fire er noko mindre og ikkje like openbare.

Feltet har vore kjent i Bygland, men blei først i oktober 2024 undersøkt av fagfolk og registrert som kulturminne. Gravfeltet er automatisk freda kulturminne, med ID 317686.

Gamal gard

Træletveit skal ha vore eigen gard langt tilbake i tid, truleg før Svartedauden. I nedgangstida etter Svartedauden blei han lagt øyde, og blei aldri teken opp som eigen gard igjen. Seinare var her heimestøyl for Stoplestog

Stykket held fram under biletet

Røys nr. 2 i gravfeltet 17. oktober 2024. Bak skimtar me røys nr. 1. Foto: Geir Daasvatn

Kjelder

  • Emma Norbakk, Arkeologisk befaringsnotat, Træletveit, Åraksbø gnr. 31 – Bygland kommune, Agder fylkeskommune, 2024
  • Reidar VollenBygland gard og ætt, bind IV side 230–231 og bind V side 16 og side 58

Kart over området

Fleire kulturminne

Byglandsfjord dampskipsbrygge
Gamle setesdalsvegen – Hornskilneset
I fotspora til setesdølane – Hallbakken på Mosby
Kjetsåbrua – Hornnes
Fjellgardane kyrkje
Moi gravfelt
Flatelandsmoen – Gjøvdal
Ekra gravfelt – Eikjåknodden
Postvegen – Skorpetveit
I fotspora til setesdølane – Buekleiv
Skollhaugan gravfelt – Skreros
Lundarhalsen – heidensk offerstad på Frøysnes?

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.