Longerak brygge ligg langs Byglandsfjorden, nedst i innmarka til gardsbruket Innistog, på Longerak i Bygland.
På Kulturminnesok.no heiter det at brygga er bygd i 1867. Det er det året dampbåttrafikken på Byglandsfjorden tok til. Ho var i bruk av damprutebåten «Dølen» frå 1867 til 1931. «Bjoren» brukte brygga frå 1897, etter at båten var flytta frå Kilefjorden opp i Byglandsfjorden.
Brygga ligg ved eit berg der det er djupt vatn rett ned. Her må det ha vore lageleg å legge båtane inntil. Mykje av oppmuringa til brygga ser ut til å vere rasa ut, men framleis er det tydelege spor å finne.
Stykket held fram under biletet

Slutt for dampbåtane
Dampbåtane blei etter kvart utkonkurrerte av rutebiltrafikken på Setesdalsvegen og i 1930 blei selskapet som stod bak drifta oppløyst.
Olav Fransson i Vassend kjøpte begge båtane i 1931. Dei heldt fram med faste ruter til og frå dei veglause gardane på vestsida av Byglandsfjorden fram til desember 1957 og visstnok nokre få, meir tilfeldige turar og oppdrag etter det òg.
Sjå også
Kjelder
- Torgeir Moseid, Frå kveg til cruise – DS Bjoren 150 år, utgjeve av Setesdalsmuseet, 2017
- Artikkelen om Longerak brygge på Kulturminnesok.no