Det fine kvernhuset i Kvinnåne 28. august 2026. Foto: Geir Daasvatn
Rysstad

Valle

Kverna i Kvinnåne på Rysstad

Langs Kvinnåne på Rysstad står berre eitt kvernhus att.

Korn har me menneske vore heilt avhengige av for å overleve i fleire tusen år. Men for å lage kornet om til mat må det malast til mjøl. Det har skjedd på ulike vis opp gjennom historia. I ein periode, frå 1500-talet eller før til ut på 1900-talet, blei malinga utført på dei små bekkekvernene som mest kvar einaste gard i Setesdal hadde attmed ein bekk eller ei lita elv i nærleiken.

Kverna ut mot elva 28. august 2026. Foto: Geir Daasvatn

Kvernene på Rysstad

Kvernene på Rysstad stod ved Kvinnåne som renn ut i Fjellskarevja. Det var fire kvernhus her. Etter andre verdskrigen var det ikkje maling av korn på kvernene lenger, skriv Alfred Ryningen i gards- og ættesoga for Hylestad (bind I, utgjeve av Valle kommune, 1985, s. 274). I dag (2026) er berre eitt igjen. Det står eit par hundre meter oppforbi den fine, nye brua i Rysstad Turpark, på nordsida av elva. Her er det eit bratt fall i elva som høvde til føremålet.

Kverna på bnr. 6

Kvernhuset høyrde til bruket Rysstadmo (gnr. 68, bnr. 6) ved SEFRAK-reistreringa i 1977. Eigedomen var då kalla «Haukedalen». Eg reknar med at det har samanheng med staden kverna står? Eigar var Gunhild Lund (f. 1921). I dag (2026) er Kent M. Lund (f. 1967) heimelshavar til eigedomen.

I gards- og ættesoga (1985) skriv Ryningen at kverna ikkje er i særleg god stand. Men på eit tidspunkt er taket bytta, er det opplyst i SEFRAK-registreringa.

Alderen til kverna er usikker. Men årstalet 1830 er rita inn på ein av stokkane. På det tidspunktet fantest ikkje bnr. 6. Det bruket blei fyrst skild ut frå bnr. 5 og skyldsett i 1883. Kven som sette opp og eigde kverna fyrst veit eg ikkje. Men mest truleg var det kanskje den dåverande eigaren av bnr. 5?

Under kvernhuset stikk framleis kvernkallen ned. Men fjørene er borte. I fossen på oversida av kverna ligg det ein trestokk som truleg er etter ei vassrenne.

Kvernhuset er veldig fint å sjå til. Om du tek deg ein tur i den idylliske turløypa i Rysstad Turpark kjem du forbi det og kan beundre det med eigne augo.

Les også: Kornet – frå åkeren til kverna

Eg har skrive ein del om kvernhusa i Setesdal i boka Hovassåna – krafta i elva (2025). Du kan få kjøpt boka i fleire butikkar i Bygland, på Stoga kulturkafé på Prestneset, bokhandelen Norli Evje eller direkte av meg (mob 909 26 724, E-post geir.daasvatn@gmail.com). Det er eit spennande tema!

Fleire kvernminne

Kvernhusa langs Bjørnaråni
Kvernhuset i Lislestog
Kvernhuset ved Kvernåna på Austad
Kvernspor langs Faråne i Hylestad
Kvernspor på Moi
Kvernspor på Langeid
Kvernene på Sordal
Ramselikverna frå Øvre Dåsvatn
Kvernspor langs Hånsbekkjen i Åseral
Kvernspor på Birkeland
Kornet
Den fine Breilandkverna langs vegen på Austad

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.