Byglandsfjord stasjon 2. februar 2020. Foto: Geir Daasvatn

Byglandsfjord stasjon

Byglandsfjord stasjon var endestasjon for Setesdalsbanen.

Stortinget fatta i 1889 vedtak om å bygge jernbane mellom Kristiansand og Setesdal. Banen blei
bygd som smalspora, både fordi dette vart billegare og høvde betre i eit vanskeleg terreng.

Kong Oskar 2. tok det første spadetaket i 1891, og i 1895 kunne ein ta til med køyring mellom Kristiansand og Hægeland med folk og gods.

Den 25. november 1896 var det høgtideleg opning på endestasjonen ved søre enden av Byglandsfjorden.

Stasjonsbygget er oppført i såkalla dragestil og blei sett opp av tømmer for å stå i stil med byggemåten i Setesdal. Arkitekten var Paul Due. I tillegg til stasjonsbygninga er det lokomotivstall, pakkbu (godsbu), privet og ei nyare vedbu på området. Priveten er nyleg ferdig restaurert av dyktige handverkarar frå Bygland kommune.

Byglandsfjord stasjon med bygningar og stasjonsområdet er freda som kulturminne av Riksantikvaren, grunna i at det er eit kulturminne av nasjonal interesse. Stasjonen var Bygland kommune sin tusenårsstad.

Venneforeining

Ein uformell, lokal «jentegjeng» har i fleire år rydda og pynta fint opp i uteområdet på stasjonen. Alt på dugnad. Før jul i 2025 blei det skipa ei formell støttegruppe, Byglandsfjord stasjons venner.

Kjelde

Sjå også

Priveten vakkert restaurert. Foto.
Priveten, vakkert restaurert, 1. mars 2026. Foto: Geir Daasvatn

Fleire attraksjonar

Sølvgarden – Rysstad
Daleviki badeplass – Byglandsfjorden
Mineralparken – en steingal verden!
Syrtveit rasteplass – Evje
Evje og Hornnes museum – Fennefoss
Tangen – Bygland
Jarebu – Bykle
Rygnestadtunet – det mest særmerkte i Setesdal
SetesdalBox Sauna – Honnevje
Gloppefossen – Valle
Heisfossen – Bygland
Dam Sarvsfoss – Bykle

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.