Austad kyrkje. Foto: Geir Daasvatn

Austad kyrkje

Austad kyrkje ligg på Tveit, nord i Bygland.

Kyrkja ligg om lag 200 meter austafor riksveg 9, og er omgjeven av ein kyrkjegard. Arkitekten var byggmeister og ingeniør Oskar Fabricius frå Oslo

Bygd i 1880

Kyrkja er ei langkyrkje i tre frå 1880, med galleri og 250 plassar. Vigslinga fant stad 7. juli 1880. Ho vart forretta av biskop Jørgen Moe.

Låg opphaveleg på Austad

Opphaveleg låg kyrkja aust for Otra, på Austad. Men i 1872 var ho i så dårleg stand at prosten Blom kalla henne «kassabel». I 1878 hadde prestegjeldet fått løyve til å rive kyrkja. Tømmeret vart seld.

I nedslagsfeltet til kyrkja bur det om lag 100 personar. Dei bur i på båe sidene av Otra, frå Austad og Ose i sør til Langeid og Sordal i nord.

Kjelde & tekst & les meir

Fleire kulturminne

Tyske forsvarsstillingar i Bjørnarådalen
Hanehaug – Bygland
Ekron – Nordre Haugetveit
Trydalstoga – Kristiansand museum
Mølletrappa ved Fennefossen
Langerak kraftverk
Gjerden – Bykle
I fotspora til setesdølane – Kiledalskleiva i Hægeland
Skore i Bygland
Kallefossbrua – Valle
Heddisloptet
Skomedal skulehus – Bygland

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.