Otra og restar etter den gamle kraftstasjonen. Foto: Geir Daasvatn

Hovden kraftstasjon

Kraftstasjonen på Hovden blei bygd til det første Hovden Høyfjellshotell, som opna sommaren 1937.

Det nye hotellet var eit luksushotell, det største i landet for si tid, og måtte sjølvsagt ha innlagt straum. Det blei difor bygd eit lite kraftverk i Otra, like vest for hotellet. Stasjonen leverte likestraum. Hotellet hadde med det elektrisitet heile 15 år før bygdefolket fekk straum i husa sine.

Hotellet fekk ei kort levetid. I 1946 brann det ned. Først 21 år seinare, i 1967, blei det nye Hovden Høyfjellshotell opna. Det blei bygd på branntomta etter det første hotellet.

Demninga som høyrde til det vesle kraftverket, og sjølve kraftstasjonen, er for ein stor del borte. Men me kan framleis sjå nokre ruinar etter kraftstasjonen langs elvebreidda.

Sjå også

Kjelder

  • Det første Hovden Høyfjellshotell 1937–1946, artikkel på Hovden.com
  • Johnny Haugen, Hovden Høyfjellshotell – Luksushotellet i «ødemarken», artikkel i Setesdal og setesdølar, 2015, s. 70–81
  • Kulturminneplan for Bykle 2016–2019, s. 19
  • Knut Gjerden, Bykle kultursoge, utgjeve av Bykle kommune, 1993, s. 280

Fleire kulturminne

Ekron – Nordre Haugetveit
Riksveg 400 – Odden, Lauvdal
Postvegen – Heimåtsvingen
Koparverksdammen – Hovatn
Nomelandshaugen
Hornnes jernbanebru
I fotspora til setesdølane – Hallbakken på Mosby
Kallefossbrua – Valle
Bjønnespranget – Åseral
Deknehola ved Storstraumen
Frøyrak gamle brygge
Smia på Koland

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.