Stolpehuset i Lunnen 11. september 2018. Foto: Geir Daasvatn

Lunnenburet – Hornnes

Lunnenburet er eit gamalt stolpehus som stod på det tidlegare gardsbruket Lunnen, bnr. 1 i Hornnes-garden, men som nå er blitt til bnr. 143.

Stolpehuset (stabburet) skal vere bygt i 1647 (eller 1642), og er truleg den eldste eksisterande bygningen i Evje og Hornnes.

Opphaveleg stod det eit dobbelt stolpehus i Lunnen. Det høyrde til dei to brørne Ola og Salve, søner av Notto Salveson Hornnes.

Den eine halvdelen som høyrde til Ola blei seinare skoren frå og flytta. Det skjedde kanskje då Hornnes-garden blei delt i to; Salve fekk den delen som blei til Lunnen og Ola fekk det som blei Der ute.

I dag på bnr. 143

Den halvdelen som stod att, og som høyrde til Salve, er det stolpehuset som står på det som var Lunnen endå. Lunnen var opphaveleg ein svær gard. Men store areal er skild frå bruket opp gjennom tidene. I dag er bare eit mindre, ubebygd landbruksareal attende. Frå 1989 er husa inkludert stolpehuset og eit lite areal rundt skild frå bnr. 1, med bnr. 143. Eigarar er Hilde Aas og Alf Børre Fredriksen

Kjelder

Rett i nærleiken

Fleire kulturminne

Moi gravfelt
Telefonlinja Hovden–Bjåen
Hovden kraftstasjon
Flatelandsmoen – Gjøvdal
Hannås jernbanebru – Hornnes
Storstoga – Ose
Minne kultursenter – Åseral
Systog Trydal-loftet
Postvegen – Bykle
Gravrøysa på Kyrkjedekkan
Austad gamle kyrkjegard
Sandnes kyrkje – Åraksbø

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.