Løylandsloftet er eit loft (bur) på gardsbruket Nedre Lande i Grendi.
Loftet stod opphaveleg på gardsbruket Graver på Løyland i Valle, men blei flytta ned til Nedre Lande i 1934 av kulturberaren Jon Løyland. Han hadde kjøpt garden i 1930. I Norges Bebyggelse er byggeåret til Løylandsloftet sagt å vere 1604. Anders Dalseg ved Setesdals bygningsvernsenter opplyser på Facebook at det truleg er bygd 1582.
Eige museum
Jon Løyland samla på gamle ting, og bygde opp sitt eige museum i Løylandsloftet. Han var òg ein stor kulturformidlar. Med loftet hadde han sikra seg den formidlingsarenaen han ønskte seg. Det kom skuleklassar på besøk. Seinare kom Lande med i NAF-boka. Endå fleire kom for å høyre på det Jon hadde å fortelje, og kanskje kikke innom samlingane i loftet.
Til Setesdalsmuseet
I 1998 blei samlinga til Jon Løyland overført til Setesdalsmuseet, i form av ei stifting, og utstillinga hans vart rekonstruert der.
Sjå etter Løylandsloftet!
Når du er på tur langs Riksveg 9 og kjem til Grendi, ligg Løylandsloftet på austsida av vegen, rett sør for Årdal kyrkje. Det er ikkje opent for publikum lenger, men eit staseleg syn med ei spesiell historie!
Kjelder
- Leonhard Jansen, Eit møte med sogemannen Jon Løyland (1887–1975), artikkel i Agder Historielag sitt Årsskrift nr. 84, 2008, s. 7–26
- Alfred Ryningen, Valle kommune VI, Gards- og ættesoge Valle, Valle kommune, 1987, s. 133
- Norges Bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, AS Faglitteratur, 1956, s. 115
- Artikkelen om Løylandsloftet på Setesdalswiki