Austad gamle kyrkjegard 7. august 2022. Heile muren t.v. er seinare sett i topp stand igjen. Foto: Geir Daasvatn

Austad gamle kyrkjegard

Austad gamle kyrkjegard er frå tida då Austad kyrkje stod på Austad.

I 1880 stod ny kyrkje for Austad sokn ferdig på Tveit, over på andre sida av Otra. Då søkte oppsitjarane på Austad om å få nytte den gamle kyrkjegarden. Søknaden blei ikkje imøtekomen. Først i 1911 vart kyrkjegarden teken i bruk att. Same året kom oppsitjarane på Austad, Heistad, Ose, Skore og Kile med tilbod om å halde han ved like.

Klokketårn, men aldri kapell

Klokketårnet ved joletider i 2022. Foto: Geir Daasvatn

Mange i Austad sokn hadde ein draum om å bygge eit kapell på den gamle kyrkjegarden, til erstatnig for at kyrkja no var på Tveit. Men dei fekk ikkje lov til å bygge kapell, bare eit klokketårn. Det blei vigsla hausten 1933. Klokka i tårnet har innskrifta «Dr. J. G. Arneberg, Bjørgulv Skore og andre bygdefolk reiste dette tårn med klokke 1933».

I 1912 reiste «sambygdingar i Norig og Amerika» ein bauta over spelemannen Tarkjel Aslakson Austad (1802–1875). Den kjende klokkaren og læraren Kristian Stubseid er også gravlagd her.

I åra 2020–2024 blei steinborga rundt kyrkjegarden restaurert på nytt. Fagleg leiar for arbeidet var Eystein Greibrokk. Førre gong muren blei reparert var i 1910.

Sommaren 2021 fann dugnadsgjengen som arbeidde med restaurering av steinmurane ei gamal steintavle med det som kan vere inskripsjonar på latin. Alderen er ikkje fastsett av fagfolk, men tavla kan vere frå før reformasjonen.

Kvar jolekveld og kvar nyårskveld går bonden på Ekron ned på gamle Austad kyrkjegard, presis klokka fem, og ringar jol og nytt år inn frå klokketårnet.

Gamle kulturminne

På kyrkegarden er det fleire gamle kulturminne.

Inne på kyrkjegarden, mot muren i sør (t.v.), ligg det ein avslegen lang stein. Det skal ha vore ei «steinmerr» i Skeivodd på Austad i eldre tider. Steinen på kyrkjegarden kan ha vore ein del av denne steinmerra.

Der er også to høge smale steiner, ein rett ved inngangsporten og ein i det nord-austre hjørnet. Dei har kanskje vore gapestokkar. Eller, som segna seier om steinen ved porten, hovudputa til Harde-Aslak. Eller er dei kanskje gamle bautasteinar?

Ei lang, flat steinhelle er det spekulert i at kan vere gravsteinen etter oberst Christian von Koss. Han kvelva med båten utanfor Storstraumen 1. november 1758, og døydde av strabasane seinare same kveld. Han vart gravlagd ved Austad kyrkje.

Rett ved kyrkjegarden ligg Fosslidburet som for kort tid sidan blei pent restaurert. Litt lenger oppover langs fylkesvegen ligg det eldgamle Austadburet.

Vilborg Stubseid Hovet gav før jol i 2024 ut ei staseleg bok, Ein historisk stad. Liv og lagnad i Austad sokn. Her er historia til kyrkjegarden samanfatta på nydeleg vis.

Ta deg verkeleg tid til ein liten stopp ved Austad gamle kyrkjegard neste gong du er forbi!

Kjelder

Gapestokken (?) ved det nord-austre hjørnet av kyrkjegardsmuren. Foto: Geir Daasvatn
Gapestokken (?), eller kanskje like gjerne hovudputa til Harde-Aslak, innanfor porten. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Postvegen – Sanden Såre
Heddistoga – Rysstad
Birkelandsfossen – flotingsmur
Gamle setesdalsvegen – Gylii
Postvegen – Moen gamle bru
Postvegen – Hestekleiva, Skomemoen
Listeinsfjellet på Evjemoen
Gamle Fånekleiva – Bygland
Ekra gravfelt – Eikjåknodden
Loftet på Nomeland Der oppe
Galtelandsteinen – historisk sus ved Fennefossen
Telefonlinja Hovden–Bjåen

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.